Xenon høgtrykkslampe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
15 kW xenonlampe nytta i IMAX-projektorar.

Xenon høgtrykkslampe eller xenonkolbe er ein gassutladningslampe som gjev eit lys med fargesamansetnad som liknad dagslyset. Effekten på lyset er frå kring 100 W til fleire kW, og kan vere luft- eller vassavkjølt. Lampen er laga av kvartsglas forma som ein ellipsoide og fylt xenongass under høgt trykk. Utladinga, som er ekstra lyssterk, finn stad mellom to elektrodar av wolfram, plassert diametralt overfor kvarandre. Desse skapar ein lysboge med ei lengd på eit par millimeter. Gasstrykket er åtte atmosfærar når lampen er kald og kring tre gonger så høgt han han er i drift. Lysfargen er så å seie upåverka av drift og levetid og brukstida er kring 2000 timar. Xenon høgtrykkslampar vert nytta ved industrielle prosessar og vart tidlegare nytta i mellom anna film- og lysbildeframvising og fjernsyn. Lampen har òg vitskaplege og medisinske bruksområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]