Yad Vashem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 31°46′27″N 35°10′32″E

Namnehallen med bøker som har tilhøyrt ofre for holocaust
Foto: David Shankbone

Yad Vashem (hebraisk יד ושם òg stava Yad VaShem) er Israels offisielle minnesmerke for jødane som vart drepne under Holocaust. Det vart etablert i 1953 gjennom «Minnesmerkelova» vedteke av Knesset. Namnet stammar frå eit bibelsk vers: «Dei vil eg i huset mitt og innanfor murane mine, gje «eit minne og eit namn» (Yad Vashem) som er betre enn søner og døtrer. Eit evig namn vil eg gje dei, som ikkje skal utslettast.» (Jesaja, 6. kapittel, 5. vers.)

Yad Vashem ligg ved foten av Herzl-fjellet i Jerusalem. Det er eit stort kompleks som med eit historisk museum, minneutstillingar, kunstgalleri, arkiv, utandørs minnestader som Dei tilinkjesgjorte Samfunns Dal, ein synagoge og eit utdanningssenter. Ikkje-jødar som redda jødar under Holocaust, ofte med stor fare for sitt eige liv, er heidra ved Yad Vashem som «Rettferd blant nasjonane».

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Yad Vashem bygde av Safdie
Foto: David Shankbone

Det nye holocaust-historiemuseumet vart bygd som ein prisme-liknande triangulær struktur. Det er 180 meter langt, med tjukke veggar av forsterka betong på eit område på over 4000 kvadratmeter. Det inneheld 10 utstillingshallar, kvar tileigna eit ulikt kapittel i historia til holocaust. Ulik utstillinga i det gamle museet, som primært var sett saman av fotografi, så er den nye utstillinga ein multi-media presentasjon som består av personlege gjenstandar donert til Yad Vashem av holocaust-overlevande, dei etterlatne sine familiar og holocaust-musums- og minnestedar over heile verda.

Museet er bygd opp slik at den vitjande startar ferda si under bakken og sakte går oppover. Utgangen frå hovuddelen av museet er på ein balkong der ein får ei imponerande utsikt over Jerusalem-dalen og ein går frå ein mørk korridor rett ut i direkte sollys. (Dette avheng sjølvsagt av vêr og tidspunkt). Dette er medvite bygd og skal representere det jødiske folket sin kamp gjennom dei mørke dagane under holocaust fram til ljoset i Israel og framtida til jødane og for å understreke landet den vakre naturen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yad Vashem