Ynys Feurig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ynys Feurig (òg skrive Ynys Feirig) er tre små lågtliggande øyar vest for Anglesey nord i Wales, like nord for landsbyen Rhosneigr og sør for flyplassen RAF Valley. Det engelske namnet deira er Starvation Island. Øyane er landfaste ved lågvatn og er tidvassøyar.

Sjøfugl[endre | endre wikiteksten]

Øyane er viktig hekkeområde for terne, særleg Dougalls terne. På grunn av dette er øyane ein del av Ynys Feurig, Cemlyn Bay and The Skerries Special Protection Area (særskild verneområde) i lag med Cemlyn Bay og The Skerries. Alle desse tre har status som Important Bird Area (viktig fugleområde).

Ynys Feurig har òg status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse). Den største trugselen til ternene her er rotter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 53°13′53″N 4°32′27″W