Yoghurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yoghurt seld frå den bulgarske paviljong ved Expo 2005 i Aichi, Japan

Yoghurt (eller jogurt) er eit mjølkeprodukt av høgpasteurisert mjølk som er syrna ved hjelp av bakteriekultur av Lactobacillus bulgaricus (også kalla Lactobacillus delbrueckii subspecies bulgaricus) og Streptococcus thermophilus. Namnet yoghurt kjem frå det tyrkiske ordet «yoğurt» som tyder «gjæra mjølk».

Yoghurt utan tilsetningar (naturell) brukast som ingrediens i ein lang rekkje matrettar.

Yoghurtprodukt med tilsetningar av frukt, bær, sukker, vaniljearoma og andre ingrediensar blir vanlegvis laga for å etast som dei er. Yoghurt seljast også i pakningar kombinert med kornblandingar og liknande som kan blandast til små, raske mellommåltid.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yoghurt
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.