Yossi Beilin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yossef Beilin
Yossi Beilin.jpg

Yossef «Yossi» Beilin, hebr. יוסי ביילין (fødd 12. juni 1948), er ein israelsk politikar. Han er med i det israelske parlamentet Knesset, og er tidlegare viseutanriksminister og justisminister frå det israelske arbeidarpartiet, Avoda. Han er no leiar i det venstresosialdemokratiske partiet Meretz-Yachad. Beilin er mest namngjeten for medverknaden i Osloavtalen, Geneveavtalen og den israelsk-palestinske fredsprosessen generelt.

Mestedelen av Beilin si politiske karriere har vore som politikar i Avoda, men i 2003 vart han skuva langt nedover på lista til dette partiet på grunn av dei venstreorienterte standpunkta sine. Saman med Yael Dayan gjekk han ut av Avoda og slutta seg til venstrepartiet Meretz, som han no leier under namnet Meretz-Yachad (Kraft-Saman; Det israelske sosialdemokratiske partiet).

Medverknaden i fredsprosessen er til no høgdepunktet i karrieren hans. Støtta av Shimon Peres, gjekk Beilin inn i løynde forhandlingar i 1992 som leidde til Osloavtalen i 1993. Saman med Mahmoud Abbas, ein annan arkitekt for avtalen, skreiv han i 1995 under «Beilin-Abu Mazen-semja», med retningslinjer for ei permanent løysing på konflikten. I 1992-1995 leidde han den israelske delegasjonen ved fredsforhandlingane. I 2001 deltok han i «Taba-samtalane» og det initiativet han no er mest namngjeten for, Geneveavtalen med Yasser Abd Rabbo.

Beilin blir ikkje rekna som sosialist, men han slutta seg likevel til det hovudsakleg sosialistiske Meretz. Det at han vann over Meretz-politikaren Ran Cohen i leiarvalet, kan sjåast som eit teikn på at det å få i gang att fredsprosessen av mange i partiet blir sett som endå viktigare enn dei sosiale spørsmåla.

Kjelde: Engelskspråkleg wikipedia; [1]