Zaqaziq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zaqaziq
Stadium og bygningar i Zaqaziq.
Stadium og bygningar i Zaqaziq.
Styresmakter
Land
Guvernement
Flag of Egypt.svg Egypt
Sharqia
Geografi
Koordinatar 30°34′″N 31°30′″EKoordinatar: 30°34′″N 31°30′″E
Tidssone EST (UTC+2)

Zaqaziq[1] er ein by i Nedre Egypt som ligg aust i Nildeltaet. Byen er hovudstad for Sharqia guvernement, og har rundt 285 100 innbyggjarar (2004).

Zaqaziq ligg ved ei grein av Ismailiakanalen og al-Muˤizz, ein gammal nilkanal. Han er eit kuntepunkt for veg og jernbane, og eit sentrum for korn- og bomullshandel for det fruktbare jordbruksområdet rundt.

I byen ligg Universitetet i Zagaziq, som blei oppretta i 1974, og ei grein av det muslimske Al-Azhar, eitt av dei eldste universiteta i verda.

Byen er fødeplassen til Ahmed Orabi som leidde Orabi-opprøret mot europearane og khedivane i 1882. I Zaqaziq finn ein Orabi-museet tileigna han.

3 kilometer søraust for byen ligg ruinane av Bubastis, ein tidlegare egyptisk hovudstad som var sentrum for kattekulten i landet.

Folk frå Zaqaziq[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. ar. الزقازيق az-Zaqāzīq; IPA [zaʔaziːʔ] eller [zaɡaziːɡ]. Også skrive Zagazig, Sagasig og Zakazik.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Egypt å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.