Zbrutsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zbrutsj
Збруч
elv
none
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Tilløp
 - venstre Bovvanets, Hrabarka
 - høgre Hnylka
Kjelde Sjtsjasnivka, Pidvolotsjysk rajon, Ternopil oblast
Munning Dnestr
Lengd 244 km
Nedslagsfelt 3 395 km²

Zbrutsj (ukrainsk Збруч, polsk Zbrucz) er ei elv vest i Ukraina, ei venstre sideelv til Dnestr.

Ho renn gjennom Det podolske høglandet og har gjeve namn til Zbrutsj-idolet, ein skulptur av ein slavisk gud (800-talet) som vart oppdaga ved elva i 1848. Idolet er 2,67 meter høgt og har sidan 1851 stått i Kraków arkeologisk museum.

Elva er ei naturleg grense mellom Ternopil oblast og Khmelnytskyj oblast. Mellom 1772 og 1793 var elva ein del av grensa mellom Polen og Austerrike, medan ho mellom 1793 og 1807 og mellom 1815 og 1918 var ein del av grensa mellom Austerrike og Det russiske imperiet. I denne tida vart elva òg kalla Pidhirtsi.

Elva er 247 km lang og drenerer eit område på 3 330 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°32′56″N 26°10′37″E