Zumba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zumbatrening.
Verdsrekordforsøk i zumbadans i Bydgoszcz i 2013.

Zumba er ei treningsform basert på aerobic og dans utført til latinomusikk. Ho blei skapt på 1990-talet av Alberto «Beto» Perez.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På midten av 1990-talet hadde Beto Perez gløymt å ta med musikken han brukte til å undervisa aerobic-klasser. Den einaste musikken han hadde tilgjengeleg var på CDane som han hadde i bilen sin. Dette var CDar med blanding av salsa og meringue-rytmar. Perez bestemte seg for å bruka musikken, og improviserte aerobic-øvingar for elevane sine. Klassen blei ein suksess og treningsprogrammet Zumba blei født. Perez valde å ta med seg Zumba til USA for å sjå om det ville slå gjennom der også.

Det varte ikkje lenge før gründerane Alberto Perlman og Albert Aghion overtydde Perez til å skape eit føretak av zumba. Målet blei å tilby zumbatimar over heile verda, og draumen deira blei raskt røyndom.

I 2002 inngjekk Perez ein avtale med eit stort selskap som skulle markedsføre zumba-programmet. Som eit resultat blei store mengder DVD-ar og videoar selde til den amerikanske marknaden. Zumba blei raskt populært, og selskapet utvikla også eit program for å trene instruktørar ved hjelp av to grunnleggjande instruktør-workshops.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Målet for alle zumba-treningsøkter er å røra seg raskt og ha det morosamt. Deltakarane vert oppfordra til å riste på hoftene, sleppe seg laus i dei latinske rytmane, og late som om dei er på fest. Alle kan delta på Zumba, og ein stiller ingen krav til form. Programmet inneber latinske rytmar med enkle dansetrinn, som omfattar intervall og motstandstrening. Dansetrinna er lånt av marengs, samba, salsa, reggaeton, cumbia og flamenco.

Zumba er også vorte populært i Noreg og vert tilbydd på mange treningssenter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zumba

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Janice Lloyd, «Zumba brings the dance party into the health club» , USA Today, 10 October 2011
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!