Samba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samba er den mest utbreidde musikkforma av afrikansk opphav i Brasil. Ordet «samba» kjem truleg frå det angolanske ordet semba, som er namnet på ein tradisjonell dans.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sambaen oppstod truleg i delstaten Bahia i nordaust-Brasil, og den er framleis ein del av musikktradisjonen i området. Likevel reknast sambaen for å vere ein musikkform som oppstod i Rio de Janeiro på byrjinga av 1900-talet, på grunn av den store mengda av slavar som migrerte frå Bahia til kaffiplantasjane i delstaten Rio. Andre sjangrar som maxixe og lundu blir rekna som forløparar for sambaen.

Den første innspelinga av samba skal ha vore låten Pelo Telefone» som vart spelt inn i 1916. Songen vart svært populær, og bidrog til at musikkstilen vart kjend utanfor Rio-området.

1930-talet var den første sambaskulen stifta av ei gruppe musikarar under leiing av Ismael Silva. Den fekk namnet Deixa Falar, og bidrog til å tilpasse forma slik at den lettare kunne brukast som parademusikk under karnevalet. Ein annan sentral person var komponisten og tekstforfattaren Noel Rosa, som fekk stor popularitet med samba som uttrykksform. Samstundes vart musikken spreidd over heile landet via radio, og under presidentperioden til Getúlio Vargas fekk sambaen ein tilnærma status som Brasils «offisielle» musikk.

I dei følgjande åra utvikla sambaen seg i fleire retningar, frå den lågmælte samba canção til dei store trommeorkestra som brukast i sambaskulane. Ein av desse nye variantane var bossa nova, som oppstod blant musikarar hovudsakleg av middelklassebakgrunn, blant andre João Gilberto og Antônio Carlos Jobim. På 1960-talet byrja bossa nova-musikarar med innsamling og gjenoppliving av den eldre sambatradisjonen. Fleire artistar vart gjort kjende for eit større publikum og spelte inn dei første platene sine, som mellom anna Cartola, Nelson Cavaquinho, Zé Keti og Clementina de Jesus.

1970-talet kunne ein høyre mykje samba på brasilianske radiostasjonar. Dei mest spelte var komponistar og songarar som Martinho da Vila, Clara Nunes og Beth Carvalho.

Etter ein periode på byrjinga av 1980-talet, då radiostasjonane hadde fokusert lite på samba og meir på diskomusikk og brasiliansk rock, kom sambaen attende med ein ny variant som bar namnet pagode. Stilen oppstod i drabantbyane til Rio de Janeiro, og var særprega av eit meir folkeleg språk, og instrument som banjo og tantã. Kjende artistar innan denne sjangeren var Zeca Pagodinho, Almir Guineto, Grupo Fundo de Quintal, Jorge Aragão og Jovelina Pérola Negra.

Variantar av samba[endre | endre wikiteksten]

Standard samba[endre | endre wikiteksten]

Samba spelast med ein rytmeseksjon, der grunnpulsen vert markert med surdo eller tantã. Det lille strengeinstrumentet cavaquinho utgjer ein viktig del av det harmonisk-rytmiske elementet, og handtromma pandeiro har ei utfyllande rolle i det rytmiske mønsteret. Andre instrument er gitaren, ofte ein gitarvariant med 7 strenger, som spelar kontrapunktiske basslinjer.

Partido alto[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein variant av samba med meir markert bruk av pandeiroen og meir fokus på rytmikken. Melodiar i partido alto er alltid i dur-toneartar, og som regel delt opp i refreng og vers. Versa er som regel improvisert.

Pagode[endre | endre wikiteksten]

Ein populær form som oppstod i drabantbyane til Rio de Janeiro, og som no har blitt ein av dei dominerande musikkformane i Brasil. Det starta på 1980-talet med innføringa av instrumenta banjo, tantã og repique, i tillegg til cavaquinho, gitar og pandeiro. I dag er det vanleg å nytte elektriske instrument som el-gitar, el-bass og keyboard, i tillegg til trommesett, som ikkje har vore vanleg i tradisjonell samba. Pagode-artistar opptrer ofte på brasiliansk TV, som regel med dansarar som ein del av sceneshowet.

Samba de breque[endre | endre wikiteksten]

Ein variant der teksten var historier som artisten til dels song, til dels framførte som dialogar.

Samba-Canção[endre | endre wikiteksten]

Ein variant som har vore svært utbreidd på brasilianske radiostasjonar. Stilen er prega av romantiske tekstar og ein roleg rytme, og har vore påverka av meksikansk bolero og amerikanske ballader.

Kjende artistar: Noel Rosa, Ângela Maria, Nelson Gonçalves, Cauby Peixoto, Agnaldo Rayol, Dolores Duran, Maysa, Lindomar Castilho og Alexandre Pires.

Samba-Enredo[endre | endre wikiteksten]

Varianten som brukast av sambaskulane under karnevalsprosesjonane. Tekstane i samba-enredo fortel som regel ei historie som vert illustrert av framsyninga til sambaskulen under paraden. Melodien vert som regel sunge av ein mann, akkompagnert av ein cavaquinho og av heile trommeorkesteret til sambaskulen. Dette gir eit komplekst og intenst lydbilete, som òg er kjend som batucada.

Bossa Nova[endre | endre wikiteksten]

Ein stil som oppstod på 1960-talet som ei blanding av amerikansk jazzharmonikk og samba. Dei viktigaste opphavsmennene til stilen var komponisten Tom Jobim, diktaren Vinícius de Moraes og gitaristen og songaren João Gilberto. Sistnemnde hadde ein lågmælt og innovervendt songstil som inspirerte dei fleste brasilianske artistane som kom seinare, slik som Caetano Veloso, Gilberto Gil og Marisa Monte. Bossa nova fekk eit verdsomspennande gjennombrot med innspelinga The Girl from Ipanema i 1962.

Andre variantar[endre | endre wikiteksten]

Samba-reggae - ein stil som oppstod i Bahia på slutten av 1980-talet.

Samba de roda - ein eldre variant, der deltakarane står i ein ring medan enkeltmedlemer dansar i midten etter tur.

Samba rock ein nyare variant med innslag av funk og soul.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Om samba[endre | endre wikiteksten]

Artistar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]