Bydgoszcz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bydgoszcz
Bydgoszcz BRE spichrze.jpg
Flagget til Bydgoszcz Byvåpenet til Bydgoszcz
Flagget til Bydgoszcz Byvåpenet til Bydgoszcz


Plassering
Bydgoszcz is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Kujaviskpommerske
Grunnlagd
Byrettar
Før 1238
1346/1349
Borgarmeister Rafał Bruski
Geografi
Flatevidd
 - By

175 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

364 953
  2085/km²
Koordinatar 53°7′0″N 18°0′0″EKoordinatar: 53°7′0″N 18°0′0″E
Høgd over havet 60 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 85-001 til 85-915
Telefon-retningsnummer +48 52
Bilnummer CB
Nettstad: www.bydgoszcz.pl


Bydgoszcz (tysk Bromberg, litauisk Bydgoščius, latinsk Bydgostia) er ein by nord i Polen ved elvane Brda og Wisła. Med om lag 365 000 innbyggjarar er han den åttande største byen i landet. Han er i dag hovudstad i Kujaviskpommerske voivodskap og var tidlegare (1947-1998) hovudstad i Bydgoszcz voivodskap og (1945-1947) Pommerske voivodskap.

Bydgoszcz er ein del av storbyområdet Bydgoszcz-Toruń i lag med Toruń, som berre ligg 45 km unna, med totalt 850 000 innbyggjarar. I Bydgoszcz ligg Kazimierz Wielki Universitet, Teknologi- og biovitskapsuniversitetet og eit konservatorium. Bydgoszcz har ein kjend konserthall (Filharmonia Pomorska), operahuset Opera Nova. Frå Bydgoszcz Ignacy Jan Paderewski lufthamn er det ruter til Warszawa, London, Dublin, Liverpool, Berlin, Katowice, Wien, København og Düsseldorf-Weeze, samt charterruter til Antalya, Kreta og Tunis. Sidan han ligg mellom elvene Wisła og Oder ved Bydgoszcz-kanelen, er byen eit viktig knutepunkt i vassvegsystem langs Noteć, Warta, Oder, Elbe og Rhinen til Rotterdam.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bydgoszcz

Byen fekk byrettar i 1346 av Kasimir III den store. På 1400- og 1500-talet var han ein viktig stad for kornhandel.

I 1772 vart Bydgoszcz annektert av Det kongelege Preussen under den første delinga av Polen og seinare inkorporert i Vest-Preussen. I 1807 var tbyen del av Storhertugdømet Warszawa. I 1815 kom han igjen under prøyssisk styre som del av det autonome Storhertugdømet Poznań. Etter 1871 vart byen ein del av Det tyske keisardømet og provinsen Posen. Etter den første verdskrig og det storpolske opprøret i 1919 kom Bydgoszcz tilbake til Polen.

Under andre verdskrig – frå 1939 til 1945 – vart byen annektert og okkupert av Nazi-Tyskland. I 1939 kom det til uro mellom polakker og tyske partisanar støtta av lokale tyskarar (mellom anna medlemmer av Hitlerjugend), med tap på begge sider. Hendinga vart utnytta som nazistisk propaganda, og etter at Wehrmacht hadde rykt inn i byen byrja represjonar på den polske folkesetnaden. Fleire vart avretta eller sendt til tyske konsentrasjonsleirar. Under andre verdskrig mista 37 000 av innbyggjarane i byen livet her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bydgoszcz