Ávjovárri valkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 26. februar 2019 kl. 00:22 av Tynnoel (diskusjon | bidrag) (Oppdatert)

Ávjovárri valkrins (nordsamisk: Ávjovári válgabiire, bokmål: Ávjovárri valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 2. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførde i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 3 738 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]

Krinsen femner kommunane Karasjok, Kautokeino og Porsanger.[1]

Ved valet i 2017 vart det vald inn åtte sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.[4]

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[5] Ávjovárri valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Karasjok valkrins, som tilsvarte Karasjok kommune, og Kautokeino valkrins som tilsvara Kautokeino kommune, i tillegg til Porsanger kommune som tidlegare var del av Porsanger valkrins.[6]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Ávjovárri valkrins

Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[7]

Referansar

Bakgrunnsstoff