Émile Waldteufel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Émile Waldteufel

Fødd9. desember 1837
FødestadStrasbourg
Død12. februar 1915 (77 år)
DødsstadParis
FødenamnÉmile Lévy
OpphavFrankrike
Aktiv1899–1915
Sjangerromantisk musikk
Instrumentpiano
Verka somdirigent, komponist, pianist, musikkforskar

Charles Émile Waldteufel (9. desember 183712. februar 1915)[1] var ein fransk pianist, dirigent og komponist som var kjent for sine mange populære salongstykke.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Émile Waldteufel blei fødd i 84 Grand'Rue i sentrum av Strasbourg. Faren og farfaren hans var begge musikarar; mora hans, Flora Neubauer, som var frå Bayern, hadde vore student av Hummel og hadde møtt Haydn; ho var òg ein dugande songar og dansar.[2] Familien stamma frå ein jødisk alsassisk musikarfamilie,[3][4] og det opphavlege etternamnet hans hadde vore Lévy. Faren Louis leidde eit respektert orkester, og broren Léon var ein suksessrik utøvar. Då Léon vann ein plass til å studere fiolin ved Conservatoire de Paris, følgde familien han dit.

Waldteufel fekk den fyrste musikkopplæringa si frå faren og den lokale musikaren Joseph Heyberger. Etter at han kom til Paris kunne han studera under Laurent på Conservatoire de Paris, følgd av avanserte studiar under Marmontel.[2] Ein av medstudentane hans var Jules Massenet.

Den unge Émile var nøydd til å avbryta studiane sine og arbeida ved pianofabrikan Scholtus på grunn av den økonomiske situasjonen til familien, men leigde snart eit rom i rue de Bellefond for å konsentrere seg om å komponera.[2] I tida hans ved konservatoriet blei orkesteret til Louis Waldteufel kjent i Paris, og Émile blei ofte invitert til å spela med det i samband med viktige arrangement.

Då han var 27 år, blei Waldteufel hoffpianist for keisarinne Eugénie. Han leidde òg orkestera på statsball.[5] Etter at Napoleon III tilsette han som musikkdirektør for balla deltok han i arrangement i Biarritz og Compiègne; på sistnemnde møtte han mange andre musikarar og kunstnarar og akkompagnerte også keisaren på fiolin.[2]

I 1868 gifta han seg med Célestine Dufau, ein tidlegare songar frå Toulouse som hadde opptredd ved Opéra-Comique. Paret fekk tre born: Louis René, Émile René og Berthe.[2]

den fransk-prøyssiske krigen braut ut i 1870, verva Waldteufel seg og blei stasjonert i Basses-Pyrénées. Etter at Frankrike leid nederlag blei det andre franske keisarriket oppløyst, og heimstaden til Waldteufel blei ein del av Tyskland resten av livet hans. Etter keisartida spelte orkesteret framleis på presidentball ved Élysée-palasset. På denne tida kjente berre få medlemmar av den franske overklassen om Waldteufel; han var nesten 40 før han blei meir kjent.

I oktober 1874 spelte Waldteufel ved ei tilstelling der prinsen av Wales, den framtidige kong Edvard VII av Storbritannia, var til stades. Prinsen var begeistra over Manolo-valsen til Waldteufel, og ønskte å gjera musikken hans kjent i heimlandet.[6] Det følgde ein kontrakt med musikkforlaget Hopwood & Crew i London. Ein av eigarane til forlaget var Charles Coote, leiaren av Coote & Tinney's Band, det fyrste danseorkesteret i London. Etterkvart blei musikken til Waldteufel framført i Buckingham Palace for dronning Victoria. Waldteufel blei ein viktig del av musikklivet i London, og blei kjend verda over. På denne tida skreiv han nokre av dei best kjende verka sine. Han blei best kjend for valsen «Les Patineurs» (‘Skeiseløparane’), skriven i 1882.

Waldteufel heldt konsertar i fleire europeiske byar, inkludert London i 1885, Berlin i 1889 (der han hadde ein vennleg rivalitet med Johann Strauss), og Paris Opéra-balla i 1890 og 1891. Han heldt fram med karrieren som dirigent og komponist av dansemusikk for presidentball fram til han pensjonerte seg i 1899.

Waldteufel døydde heime i 37 rue Saint-Georges i Paris, 77 år gammal. Han og kona hans, som hadde døydde året før, blei gravlagde i Père Lachaise.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Med opusnummer[endre | endre wikiteksten]

Les Sirènes i ei trekkspelinnspeling av Pietro Deiro frå 1910.
  • Kamiesch, marsj, Op. 5
  • Myosotis, vals (Vergissmeinnicht), Op. 101
  • Jean qui pleure et Jean qui rit, polka burlesque, Op. 106
  • Bella, polka-masurka, Op. 113 (1867)
  • Dans les bois, polka-masurka, Op. 119
  • Les Lointains, vals, Op. 121
  • Mellow vals, Op. 123 (1866)
  • Carolinen, polka, Op. 124
  • Dans les champs, polka-masurka, Op. 125 (1868)
  • Madeleine, vals, Op. 126
  • Desirée, polka-masurka, Op. 132
  • Térésa (also Antoinette), vals, Op. 133 (1864)
  • Joujou-Polka, Op. 135
  • Manolo, vals, Op. 140 (1874?)
  • Roses et marguerites, vals, Op. 141
  • Tout à vous, vals, Op. 142 (1875)
  • Bien-aimés vals, Op. 143 (1875)
  • Entre nous vals, Op. 144 (1876)
  • Flots de joie, vals, Op. 145 (1875)
  • Grand vitesse, galop, Op. 146 (1876)
  • Violettes vals, Op. 148 (1876)
  • Au revoir, vals, Op.149 (1876)
  • A toi, vals, Op. 150
  • Mon rêve, vals, Op. 151 (1877)
  • Prestissimo, galopp, Op. 152 (1877)
  • Hommage aux dames, vals, Op. 153
  • Les Sirènes, vals, Op. 154 (1878)
  • Pomona vals, Op. 155 (1877)
  • Toujours ou jamais, vals, Op. 156 (1877)
  • Les Folies, polka, Op. 157 (1878)
  • Très jolie, vals, Op. 159 (1878)
  • Pluie de diamants, vals, Op. 160 (1879)
  • La Berceuse, vals, Op. 161
  • Brune ou blonde, vals, Op. 162 (1878)
  • Bonne bouche (også Bella bocca), polka, Op. 163 (1879)
  • Gaîté vals, Op. 164 (1878)
  • Ma charmante vals, Op. 166 (1879)
  • Autres fois, vals, Op. 167
  • Minuit, polka, Op. 168
  • Toujours fidèle, vals, Op. 169 (1879)
  • Dolores vals, Op. 170 (1880)
  • Chantilly, vals, Op. 171 (1880)
  • Solitude, vals, Op. 174 (1881)
  • Jeunesse dorée, vals, Op. 175 (1881)
  • Je t'aime, vals, Op. 177 (1882)
  • La Barcarolle, vals, Op. 178 (1882)
  • Naples, vals, Op. 179
  • La Source, vals, Op. 180 (1882)
  • Trictrac, polka, Op. 181
  • L'Esprit français, polka, Op. 182 (1882)
  • Les Patineurs, vals, Op. 183 (1882)
  • Mariana, vals, Op. 185
  • Les Sourires, vals, Op. 187 (1883)
  • Soirée d'été, vals, Op. 188 (1883)
  • En Garde!, militær polka, Op. 189
  • Les Fleurs, vals, Op. 190 (1883)
  • Estudiantina, vals, Op. 191 (1883) (arrangement av Paul Lacome sin Duos)
  • Près de toi, vals, Op. 193
  • Nid d'amour, vals, Op. 195
  • Jeux d'esprit, polka, Op. 196
  • Camarade, polka, Op. 197
  • Joie envolée, vals, Op. 198
  • Trésor d'amour, vals, Op. 199 (1885)
  • Tout en rose, vals, Op. 200 (1885)
  • Un premier bouquet, vals, Op. 201 (1885)
  • Rêverie, vals, Op. 202 (1885)
  • Retour des champs, polka, Op. 203 (1885)
  • Illusion, vals, Op. 204
  • Ma Voisine, polka, Op. 206 (1886)
  • The Grenadiers, militær vals, Op. 207
  • Dans les nuages, vals, Op. 208 (1886)
  • Idylle, vals, Op. 209
  • Tendres baisers, vals, Op. 211
  • La Cinquantaine, polka, Op. 215 (1886)
  • Les Bohémiens, polka, Op. 216 (1887)
  • Tendresse, vals, Op. 217
  • Coquetterie, vals, Op. 218 (1887)
  • Tout ou rien, polka, Op. 219 (1887)
  • Acclamations, vals, Op. 223 (1888)
  • Papillons bleus, vals, Op. 224
  • Château en Espagne, polka, Op. 225 (1888)
  • Dans tes yeux, vals, Op. 227
  • Hébé, vals, Op. 228 (1888)
  • Etincelles, vals, Op. 229
  • Roses de Noël, vals, Op. 230 (1889)
  • Rococo-Polka, Op. 232 (1888)
  • Bagatelle, polka, Op. 233
  • Sur la plage, vals, Op. 234
  • Vision, vals, Op. 235 (1888)
  • España, vals, Op. 236 (1886) (etter Chabrier)
  • L'Étoile polaire, vals, Op. 238
  • Par-ci, par-là, polka, Op. 239 (1883)
  • Tout-Paris, vals, Op. 240 (1889)
  • Ange d'amour, vals, Op. 241 (1889)
  • Nuée d'oiseaux, polka, Op. 243 (1890)
  • Retour de printemps, vals, Op. 244
  • Invitation à la gavotte, Op. 246 (1891)
  • Fontaine lumineuse, vals, Op. 247 (1891)
  • Zig-zag, polka, Op. 248 (1891)
  • Sous la voûte étoilée, vals, Op. 253 (1892)
  • Souveraine, masurka, Op. 255 (1893)

Utan opusnummer[endre | endre wikiteksten]

  • Amour et printemps, vals (1880)
  • Fleurs et baisers, vals (1904)
  • Béobile, pizzicato (1908?)
  • La Fauvette du temple, vals (1885, etter Messager)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Griffiths, Paul (2004). The Penguin Companion to Classical Music. London: Penguin UK. s. 2721. ISBN 978-014-190976-9. Henta 23. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Hering, Pierre. Emile Waldteufel (1837-1915). I: La Musique en Alsace hier et aujourd'hui (Strasbourg: Librairie Istra, 1970, p. 157–162.
  3. Jewish Songwriters and Composers, jinfo.org.
  4. Jews in Music, commentary by Dr Gerhard Falk.
  5. Filon, Augustin (1920). Recollections of the Empress Eugénie. London: Cassell and Company, Ltd. s. 74. Henta March 29, 2013. «To-night [during the "white overalls" riots following the 1869 elections], gala soirée in honour of the Queen of Holland and the Grand-Duchess Marie of Russia.... Everyone seems anxious and ill at ease, and many throw involuntary glances at the windows which look on the Place du Carrousel, over which an angry mob is swarming. Waldteufel's orchestra plays its most entrancing waltzes, and five or six couples venture on the floor. Waltzing, to-night, is an act of loyalty to the Empire.» 
  6. «Waldteufel, Emile in Oxford Music Library». Oxford Music Online. Henta 2. oktober 2008.