Østerhus arbeidskyrkje
Utsjånad
| Østerhus arbeidskyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Agder | ||
| Kommune | Grimstad | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Vest-Nedenes | ||
| Sokn | Landvik | ||
| Fellesråd | Grimstad | ||
| Type | Arbeidskyrkje | ||
| Material | Betong og tre | ||
| Innvigd | 1985 | ||
| Stopul | Attmed kyrkja | ||
| Kyrkjegard | Nei | ||
| Sitjeplassar | 150 | ||
![]() Østerhus arbeidskyrkje 58°19′08″N 8°33′44″E / 58.3187645°N 8.5621225°E | |||
Østerhus arbeidskyrkje er ei arbeidskyrkje i Grimstad kommune i Agder.
Kyrkja held til i samme bygg som ein barnehage som vert driven av kyrkjelyden. Barnehagen opna i 1982, medan sjølve kyrkjesalen stod klar i 1985. I byrjinga stod ei stifting for drifta, men kyrkja høyrer no til same sokn som Landvik kyrkje og har gudsteneste dei søndagane Landvik ikkje har det.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nenseter, Bjarne (1992). «Østerhus arbeidskirke». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 80. ISBN 82-7627-003-4.
- Sandkjær, Astrid Stuestøl (2001). Midt i vår verden. Landvik kirke 175 år. Liv i Landvik / Landvik historielag. s. 40. ISBN 8290694245.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 471. ISBN 82-7527-022-7.
