Herefoss kyrkje
| Herefoss kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Karl Ragnar Gjertsen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Agder | ||
| Kommune | Birkenes | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Vest-Nedenes | ||
| Sokn | Herefoss | ||
| Fellesråd | Birkenes | ||
| Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
| Teknikk | Lafteverk | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 11. oktober 1865 | ||
| • Endringar | Restaurert 1965, 2007 | ||
| Takryttar | Midt på kyrkja | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Altartavle | 1634, frå Oddernes kyrkje | ||
| Sitjeplassar | 200 | ||
![]() Herefoss kyrkje 58°31′23″N 8°21′01″E / 58.52310833°N 8.35015556°E | |||
| Wikimedia Commons: Herefoss kirke | |||
Herefoss kyrkje er ei åttekantkyrkje kirke frå 1865 i bygda Herefoss i Birkenes kommune i Agder. Byggverket er i lafta tømmer og har 200 plassar. Herefoss kyrkje vart innvigd av biskop Jacob von der Lippe 11. oktober 1865. Den har store vindauge og har ein lys, og enkel stil. Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan.
Herefoss vart eige prestegjeld i 1875. Herefoss høyrer i dag til Birkenes prestegjeld.
Dette er den tredje kyrkja på staden. I 1487 vart Herefoss sokn nemnt i offisielle dokument.[1] Dei to tidlegare kyrkjene lå nærare Herefossfjorden, men staden var flaumutsett, og ein valde å flytta kyrkja lengre frå vatnet. Byggmester var Mikkel Mortensen. Kyrkja vart omfattande restaurert til hundreårsjubileet.
Altartavle
[endre | endre wikiteksten]Altartavla frå 1634 har tidlegare vore i bruk i Oddernes kyrkje, som fekk ny tavle i 1704. Den gamle tavla kom til Herefoss i 1790. Tavla har vore overmåla og vart restaurert tidleg på 1960-talet. Altertavla har to etasjar i same breidde og med sidefløyer. Ho er 2,40 meter høg og 2,47 meter brei, og laga av eik og furu. I dei andre bilda ser ein Adam som klynger seg til korset, eit menneske med eit anker og ei due og eit menneske som held fast i eit kors. Dette er ei sjeldsynt framstilling av korsfestinga ved at det viser ei teologisk tankerekkje: Jesus heng på korset, blodet strøymer over Adam, ein stråle fra Jesus går rett til Adams hjarte, medan Jesus bøyer hovudet og ser ned på Adam. Bibelteksten er på latin: «Sanguis Jesu Christi Filii Dei purificat nos ab omni peccato» (‘Jesus, Guds son, reinsar oss for all synd’). I midtfeltet er det skrive inn fleire bibelvers. Nederst på altertavla er det eit bilete av nattverden innrama av nattverdshistoria. Kunstnaren er ukjend, men årstalet er måla i eit av felta på tavla.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Herefoss kyrkje: festskrift til hundre års høgtida 1965. Kristiansand: Fædrelandsvennens trykkeri. 1965.
- Nenseter, Bjarne (1992). «Herefoss kyrkje». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 84-85. ISBN 82-7627-003-4.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 470. ISBN 82-7527-022-7.
- Øverland, Olava og Mellin, Bo Aje (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 110-111. ISBN 82-521-4500-0.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Herefoss kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Herefoss kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
