Østlandsk reisning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Østlandsk reisning var ein norsk målpolitisk organisasjon, med mål om målreising for talemåla på Austlandet. Østlandsk reisning vart skipa hausten 1916 med seinare biskop Eivind Berggrav som formann og professor Halvdan Koht som nestformann. Sentral i organisasjonen var professor i riksmål, Didrik Arup Seip.

Formål[endre | endre wikiteksten]

Formålet med Østlandsk reisning var å vekkje austlendingen til nasjonalt å kjenne og ære seg sjølv; til å bli glad i heimbygdene, i arbeidsliv, i husliv, i sed og tale. Dei ville reise tanken om at morsmålet i aust var fullgod norsk tale.

Østlandsk reisning arbeidde for å få inn drag frå dialektaneAustlandet i norsk skriftspråk. Landsmål hadde sterke drag frå talemål på Vestlandet, medan riksmål bygde på dansk språk og «danna daglegtale» til dei øvre sosiale laga i byane. Såleis meinte Østlandsk reisning at det ikkje var teke nok omsyn til talemåla på Austlandet i nokon av dei eksisterande norske målformene. Ved å byggja på folkemålet på Austlandet, vart det sett på som mogleg å få til eit sams norsk skriftspråk, eit samnorsk.

Program[endre | endre wikiteksten]

I eit opprop datert desember 1917, samla organisasjonen om å krevje at riksmålet måtte godkjenne

  • dei tre kjønna blant substantiva
  • tvelydane (diftongane; stein, hauk, øi)
  • fortidsformer som kasta

og at landsmålet måtte godkjenne

  • hokjønnsformer på -a (sola og brua for soli og brui)
  • fleirtalsformer på -er (viser for visor)
  • infinitiv på -e (aa kaste)

For at landet ikkje skulle bli eit målkløyvd land, måtte begge sider slå av på mangt dei hadde halde fast som kjært, men dei gjorde det for ein samnorsk tanke.

Blant dei som slutta seg til oppropet var Fridtjof Nansen, Otto Valstad, biskop dr. Otto Jensen, rektor Severin Eskeland, docent Olav Midtun, Sven Moren, Olaf Norli og skulestyrar Olav Riste.

Arbeidet[endre | endre wikiteksten]

Innan organisasjonen vart det ei spenning mellom krefter som ville arbeide med målrørsla og Noregs Mållag for å reise det norske folkespråket, og krefter som såg organisasjonen som ein alliert i kampen mot det dei oppfatta som det vestlandske landsmålet.

Østlandsk reisning gav ut bladet Østaglett. Her vart språkspørsmål tekne opp. Blant dei som svarte på spørsmål, var signaturen DAS - Didrik Arup Seip.

«Blandt de valfrie formene for landsmål og riksmål er je. Som vi veit, har de vanlege formene før vært jeg og eg. Mange har trudd at eg det var den norske forma, men je var noe som inte hørte med i folkemålet, men det skulde ha kommi med knot frå skriftmålet. Det er inte riktig det.»

Didrik Arup Seip i Østaglett

Rettskrivinga av 1917 innførte eit skilje mellom «valfrie» og «obligatoriske» former. Østlandsk reising slost for dei «radikale», valfrie formene. Dette arbeidet fekk ikkje dei resultata organisasjonen ønskte, men på hi sida tvinga dette arbeidet motstandarane til å samle seg om dei obligatoriske formene, slik at Riksmålsforbundets motarbeiding av 1917-rettskrivinga, bl.a. ved å gje ut ei alternativ ordliste, ikkje vann fram.

Østlandsk reisning som organisasjon eksisterte fram til 1926, då overtok Østlandsk ungdomsfylking ansvaret for Østaglett. Arbeidet overlevde ikkje dei den sosiale og økonomiske krisetida, og bladet kom med sitt siste nummer i 1928. Folk frå Østlandsk reisning var likevel sentrale i utarbeidinga av rettskrivinga av 1938.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]