14. september
Utsjånad
14. september er den 257. dagen i den gregorianske kalenderen (258. under skotår). Det er 108 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]- Vestleg og austleg kristendom: Opphøginga av krossen, til minne om funnet av den opphavlege krossen i 326 av Helena, mor til Konstantin, og tilbaketakinga av det frå persarane i 628.
Bevegelege heilagdagar som fell på 14. september i 2024:
Primstaven
[endre | endre wikiteksten]Den vesle krossmessa, markert med ein kross, til minne om tilbaketakinga av den heilage krossen frå persarane. Siste fristen for å ha kornhausten i hus og ta dyra heim frå setra.
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Ingebjørg og Ingeborg |
Sverige | Ida |
Danmark | Korsets ophøjelse |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 786: Harun al-Rasjid blei abbasidekalif.
- 1752: Det britiske imperiet innførte den gregorianske kalenderen ved å hoppa 11 dagar, frå 2. september til den 14.
- 1901: Theodore Roosevelt blei president i USA, som 42-åring den yngste så langt.
- 1960: Stiftinga av oljeorganisasjonen OPEC på ein konference i Bagdad.
- 1992: SN-styrkar gjekk inn i Somalia for å prøva å stabilisera landet og gje hjelp.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1770: Trykkefridom blei innført i Danmark-Noreg.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 14. september.
- 51: Keisar Domitian av Romarriket
- 1737: Michael Haydn, austerriksk komponist
- 1782: Christian Magnus Falsen, norsk embetsmann
- 1811: Johan Raatamaa, finsk lekpredikant
- 1959: Morten Harket, norsk songar
- 1965: Dmitrij Medvedev, russisk statsleiar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 14. september.
- 786: Al-Hadi, abbasidekalif
- 891: Pave Stefan V
- 1321: Dante Alighieri, italiensk forfattar
- 1791: Melchior Falch, norsk emebetsmann
- 1851: James Fenimore Cooper, amerikansk forfattar
- 1901: William McKinley, amerikansk president (drepen)
- 1927: Isadora Duncan, amerikansk dansar
- 1937: Tomáš Masaryk, tsjekkoslovakisk statsleiar
- 1969: Hans Edvard Wisløff, norsk teolog
- 1981: Talleiv Røysland, norsk songar