20/20

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
20/20
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 10. februar 1969
Innspelt juni til november 1968
Bortsett frå «Our Prayer»: Akkompagnement spelt inn 4. oktober 1966, med ekstraspor november 1968; «Cabinessence»: spelt inn i oktober og desember 1966 bortsett frå vokalen til Carl Wilson vocal på versa som vart spelt inn i november 1968; og «Bluebirds over the Mountain»: September 1967 med ekstraspor i 1968.
Sjanger Barokk pop, rock
Lengd 29:46
Selskap Capitol
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi
Stack-O-Tracks
(1968)
20/20 Live in London
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Blender4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
MusicHound3/5[4]
Rolling Stone(positiv)[5]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]

20/20 er eit album av The Beach Boys frå 1969 og det siste albumet deira på Capitol Records dei neste sytten åra. Albumet var ei blanding av nylege singlar, nye studioinnspelingar og to songar frå det skrinlagde prosjektet Smile.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tittelen 20/20 kom frå at albumet var det tjuande albumet deira (om ein tar med fire samleplater).

Brian Wilson hadde fått stadig større kjenslemessige problem og var avhengig av kokain, og starta å trekke seg tilbake frå innspelingane til bandet. Dette gjorde at andre i bandet måtte ta større kreativt ansvar. Det einaste «nye» bidraget til Wilson på albumet var den rolege valsen «I Went to Sleep». Songen «Do It Again» av Wilson og Mike Love hadde vore ein hit sommaren 1968 og vart teken med på albumet.

Dei yngre brørne til Wilson, Dennis Wilson og Carl Wilson starta å ta over kontrollen i studio. Carl produserte ei utgåva av Phil Spector sin «I Can Hear Music» som gav The Beach Boys den siste originale Topp 40-plasseringa deira i USA dei neste sju åra. Dennis hadde skrive to songar for det førre albumet, Friends, og skreiv fleire songar for 20/20.

Før innspelinga av albumet kom i gang vart Dennis ven med musikaren Charles Manson og valde å hjelpe han inn i musikkindustrien ved å spele inn songen hans «Cease to Exist» for the Beach Boys, med den nye tittelen «Never Learn Not to Love». Manson bad Wilson om å ikkje endre teksten, men at han elles kunne gjere kva han ville. Den grunnleggagande melodien var stort sett uendra. Då «Never Learn Not to Love» vart gjeven ut av The Beach Boys som B-side seint i 1968 og berre tilskriven Dennis Wilson med endra tekst og eit nytt mellomspel, truga Manson Wilson med å drepe han.

Bruce Johnston hadde i årevis støtta dei andre i bandet på scenen og i studio og fekk no endeleg sin eigen song på 20/20, den svulstige instrumentalen «The Nearest Faraway Place». . Kanskje med tanke på «Sloop John B» foreslo Al Jardine for Brian at dei skulle gjere ein ny folkesong, «Cotton Fields». Wilson produserte innspelinga, men Jardine følte at Wilson haldt igjen og spelte etter kvart songen inn på ny seks månader etter Brian-utgåva kom ut på 20/20. Jardine viste seg å vere inne på noko, og den nye utgåva vart gjeven ut på singel. Han vart ein flopp i USA, men gjorde det stort bra i utlandet våren 1970.

To eldre songar av Brian Wilson, frå det skrinlagde Smile-prosjektet, «Cabinessence» og «Our Prayer», vart òg med på albumet.

Albumet kom ut i februar 1969 og selde betre enn Friends. Det nådde berre 68. plass i USA, men gjekk heilt til tredjeplass i Storbritannia.

20/20 finst i dag på CD i lag med Friends, saman med bonusspor frå perioden.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «Do It Again» (Brian Wilson/Mike Love)Mike Love og Carl Wilson 2:25
2. «I Can Hear Music» (Jeff Barry/Ellie Greenwich/Phil Spector)Carl Wilson 2:36
3. «Bluebirds over the Mountain» (Ersel Hickey)Mike Love og Carl Wilson / Bruce Johnston 2:51
4. «Be with Me» (Dennis Wilson)Dennis Wilson 3:08
5. «All I Want to Do» (Dennis Wilson/Steve Kalinich)Mike Love 2:02
6. «The Nearest Faraway Place» (Bruce Johnston)instrumental 2:39
Side to
# TittelSolovokal Lengd
7. «Cotton Fields (The Cotton Song)» (Huddie Ledbetter)Al Jardine 2:21
8. «I Went to Sleep» (Brian Wilson/Carl Wilson)Brian Wilson og Carl Wilson 1:36
9. «Time to Get Alone» (Brian Wilson)Carl Wilson og Brian Wilson / Al Jardine 2:40
10. «Never Learn Not to Love» (Dennis Wilson/Charles Manson (ikkje tilskriven)))Dennis Wilson 2:31
11. «Our Prayer» (Brian Wilson)gruppa 1:07
12. «Cabinessence» (Brian Wilson/Van Dyke Parks)Carl Wilson og Mike Love 3:34

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1969 Nederland 20[7]
1969 Tyskland 23
1969 UK Top 40 Album Chart 3
1969 US Billboard 200 Albums Chart 68
Britiske singlar
År Singel Liste Plassering
1968 «Do it Again» UK Top 40 Single Chart 1
1968 «Bluebirds Over the Mountain» UK Top 40 Single Chart 33
1969 «I Can Hear Music» UK Top 40 Single Chart 10
Amerikanske singlar
År Singel Liste Plassering
1968 «Do it Again» US Billboard Hot 100 Singles Chart 20
1968 «Bluebirds Over the Mountain» US Billboard Hot 100 Singles Chart 61
1969 «I Can Hear Music» US Billboard Hot 100 Singles Chart 24

Salsister frå Allmusic og andre musikkdatabasar.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «20/20 (The Beach Boys album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Friends/20/20 CD-hefte, David Leaf, c.1990.
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • Allmusic.com
  1. «20/20 Review». Allmusic.com. Henta 25 April 2011. 
  2. «Blender review». Arkivert frå originalen March 10, 2005. 
  3. Larkin, Colin, red. (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). London: Oxford University Press. s. 479. ISBN 978-0-19-531373-4. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 84. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. Schmidt, Arthur (19 April 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). Henta 20 April 2015. 
  6. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. Dutch Charts - THE BEACH BOYS - 20/20
  8. «UK Top 40 Hit Database». EveryHit. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]