Achille Lauro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Achille Lauro

Fødd11. juli 1990 (33 år)
FødestadVerona
AliasAchille Lauro
OpphavItalia
Aktiv2012–
SjangerHiphop, poprock
Instrumentvokal
Verka somsongar

Lauro De Marinis (fødd 11. juli 1990 i Verona), kjend under artistnamnet Achille Lauro, er ein italiensk songar, rappar og låtskrivar.[1][2] Han har utmerka seg i den italienske hiphop-scena og deltok i Sanremo-festivalen 2019 med songen «Rolls Royce», i 2020 med «Me ne frego» og sist i 2022 med songen «Domenica».[3][4] Han representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Stripper», etter å ha vunne den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

De Marinis vart fødd i Verona i 1990, men vaks opp i hovudstaden Roma. Då han var 14 år, flytta foreldra hans til ein annan by, men han valde å bli buande hos sin fem år eldre bror, Federico.[5] Broren var då produsent for hiphop-kollektivet Quarto Blocco, og det var her De Marinis fekk kontakt med undergrunnsrap og punkrock. Han gav ut sin fyrste mikstape i 2012, og to år seinare kom debutalbumet Achille Idol Immortale. Etter fleire singlar og oppfølgjaralbumet Dio c'è skipa han sitt eige plateselskap – No Face Agency – og gav ut sitt tredje album, Ragazzi madre, der i 2016.[5]

Saman med produsent Boss Doms (Edoardo Manozzi) deltok De Marinis i realityprogrammet Pechino ExpressRai 2 i 2017. Deretter jobba han med Boss Doms på eit nytt album, som vart gjeve ut i 2018 under tittelen Pour l'amour, distribuert av Sony. I 2019 fekk han ein niandeplass i Sanremo-festivalen med låten «Rolls Royce», året etter fekk han ein åttandeplass i same tevling med «Me ne frego».[5]

I 2021 kom studioalbumet Lauro, som toppa den italienske albumlista.[6] I 2022 deltok Lauro i Sanremo-festivalen, akkompagnert av Harlem Gospel Choir, og tok 14. plass med låten «Domenica». Kort tid etter deltok han i Una voce per San Marino med songen «Stripper». Han vann tevlinga og representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino i Italia.[7] Låten kvalifiserte seg ikkje til finalen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2014 – Achille Idol Immortale
  • 2015 – Dio c'è
  • 2016 – Ragazzi madre
  • 2018 – Pour l'amour
  • 2019 – 1969
  • 2021 – Lauro

Coveralbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2020 – 1990
  • 2020 – 1920 – Achille Lauro & The Untouchable Band

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «La recensione di 1969 di Achille Lauro, la trap si rinnova con un disco che non innova». Optimagazine: ultime news, video e notizie italiane e dal mondo (på italiensk). 13. april 2019. Henta 21. februar 2022. 
  2. «Achille Lauro, da venerdì 8 giugno il nuovo singolo Ammò feat. Clementino e Rocco Hunt». Social Artist (på italiensk). 7. juni 2018. Henta 21. februar 2022. 
  3. «Festival di Sanremo 2020, Amadeus svela: "Ecco chi sono i cantanti in gara". Poi conferma: "Rula Jebreal? Le ho chiesto di esserci"». Il Fatto Quotidiano (på italiensk). 31. desember 2019. Henta 21. februar 2022. 
  4. Scarpone, Cristian (4. desember 2021). «Sanremo 2022: Elisa, Emma Marrone, Mahmood and Ana Mena among 22 confirmed participants». Wiwibloggs (på italiensk). Henta 6. desember 2021. 
  5. 5,0 5,1 5,2 s.r.l, Rockol com. «√ Biografia di Achille Lauro | Le migliori notizie, testi e concerti». Rockol (på italiensk). Henta 21. februar 2022. 
  6. «Classifiche - FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 21. februar 2022. 
  7. «Achille Lauro - San Marino - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 21. februar 2022.