Anita Simoncini
Anita Simoncini | |
![]() Anita Simoncini (2015) | |
Fødd | 14. april 1999 |
---|---|
Fødestad | Montegiardino i San Marino |
Opphav | San Marino |
Aktiv | 2014-i dag |
Sjanger | pop |
Instrument | Vokal |
Tilknytte artistar | The Peppermints |
Plateselskap | Sony Music |
Verka som | songar |
Anita Simoncini (fødd 14. april 1999 i Montegiardino) er ein sanmarinsk songar og medlem i jentegruppa The Peppermints.[1]
Eurovision[endre | endre wikiteksten]
Junior Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]
Simoncini vart vald ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino til å representere San Marino i Junior Eurovision Song Contest 2014 i Marsa på Malta med Rafaella Perniola, Greta Doveri, Arianna Ulivi og Sara Dall'Olio som jentegruppa The Peppermints.[2] Gruppa framførte songen «Breaking My Heart» på engelsk og italiensk, og enda på 15. plass med 21 poeng; åtte frå Italia og eitt frå Malta.[2] I tillegg fekk alle landa tolv poeng for at ingen land skulle stå att utan poeng. Songen er skriven av Luca Medri, Chris Lapolla, Antonello Carozza og The Peppermints.[2] Simoncini vart den fyrste personen frå San Marino som representerte landet i Junior Eurovision Song Contest.[2]
Eurovision Song Contest 2015[endre | endre wikiteksten]
27. november 2014 annonserte Radiotelevisione della Repubblica di San Marino at dei hadde vald Simoncini og Michele Perniola til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. Simoncini vart også den fyrste artisten til å representere ei nasjon fortlaupande i både Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest.[3][4]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Guida allo Junior Eurovision Song Contest 2014» (PDF) (italiensk). EurofestivalNEWS. Henta 23. november 2014.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «About The Peppermints» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 23. november. Sjekk datoverdiar i
|besøksdato=
(hjelp) - ↑ Jiandani, Sanjay (27. november 2014). «San Marino: Michele Perniola and Anita Simoncini to Vienna!» (engelsk). esctoday.com. Henta 27. november 2014.
- ↑ «Anita and Michele to represent San Marino» (engelsk). Eurovision.tv. 24. november 2014. Henta 27. november 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1999
- Sanmarinske songarar
- Sanmarinske Junior Eurovision Song Contest-deltakarar
- Junior Eurovision Song Contest 2014-deltakarar
- Sanmarinske Junior Eurovision Song Contest-låtskrivarar
- Junior Eurovision Song Contest 2014-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 2015-deltakarar
- Sanmarinske Eurovision Song Contest-deltakarar