Adamstuen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Ullevålsveien 90
Foto: Helge Høifødt

Adamstuen er eit bustadsstrøk sørvest for Ullevål sykehus i Oslo som grensar til bustadsstrøka Fagerborg, Valleløkken og Lindern. Strøket tilhøyrer bydel St. Hanshaugen som ligg på Oslo Vest. Adamstuen vert betent av ein haldeplass på Oslotrikken

Opphavleg var Adamstue-området ein eigedom utskilt frå Store Ullevål gard, ca. 42 da, som omtrent tilsvarer området mellom Ullevålsveien, Kirkeveien og Sognsveien. Namnet kjem etter kjøpmann Adam R. Steen som var eigar ved sin død i 1807. Eigedomen tilhøyrde seinare statsminister Emil Stang. Eigedomen vart kjøpt av Oslo kommune i 1911 for å betra framkoma til sjukehuset. Nedre Adamstuen er verna (Ullevålsveien 90). Dette er ei tømmerhytte frå ca. 1840.

I 2008 vedtok Stoltenberg II-regjeringa å flytta Veterinærhøyskolen frå Adamstuen til Ås i Akershus.[1] Denne beslutningen vart umiddelbart svært kontroversiell, og vart kritisert både av politikarar og forskarar. (sjå: Utflyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås)[2][3]

I seinare tid har det vore planlagt å oppgradera plassen ved trikkeholdeplassen, for m.a å oppnå ein høgare estetisk standard.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Veterinærhøgskolen ut av Oslo». 7. mars 2008. 
  2. «Hestehandel om Veterinærhøgskolen». 9. januar 2008. 
  3. «Flytter Veterinærhøgskolen til Ås». 9. januar 2008. Arkivert frå originalen 2008-01-12. 
  4. «Oppstart av planarbeid for Adamstuen plass». 17. februar 2010.