Agnes Buen Garnås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Agnes Buen Garnås
Agnes Buen Garnås.JPG
Fødd23. november 1946
Fødestad
OpphavNoreg
SjangerFolkemusikk
Instrumentvokal
Verka somsongar
MorMargit Buen
FarAnders A. Buen
BornIngvill Marit Buen Garnås, Jon Elling Buen Garnås, Per Anders Buen Garnås
PrisarKongens fortenestmedalje, Norsk kulturråds ærespris, Spellemannprisen i folkemusikk

Agnes Buen Garnås. (fødd 23. oktober 1946) er ein norsk folkemusikar (kveding) og songpedagog, kjend som ein av landets fremste formidlarar av vokaltradisjonar.[treng kjelde]

Buen Garnås voks opp i Jondalen ved Kongsberg, som dotter til spelemannen Anders Buen og kvedaren Margit Buen, og søster til folkemusikarane Hauk og Knut Buen. Ho er utdanna i kulturarbeid ved Høgskulen i Telemark (1975-77) og har vidare undervist ved Ole Bull AkademietVoss og vore tilknytt universitet og høgskular. Saman med Dagne Groven Myhren etablerte ho kvedarseminara, først på Rauland i 1975, som resultat av arbeidet i miljøet rundt Club 7.[treng kjelde] Ho etablerte Norsk Kvedarforum i 2002.

Ho var med i ensemblet Kvedar (2000-2004), og er nå i ensemblet Ljod med Marilyn Mazur, Birgit Løkke og Ruth Wilhelmine Meyer. Buen Garnås har verka mykje på plater og konserter med sin yngre bror Knut Buen, i tillegg med Jan Garbarek (Rosenfole og Twelve moons). Ellers er ho mor til kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås, munnharpisten Jon Elling Buen Garnås og felespelaren Per Anders Buen Garnås. I dag er ho busett i Bø i Telemark.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]


Prisar[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.