Anders Buen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Buen
Anders Buen.jpg
Fødd 24. februar 1864

Gransherad

Død 17. juli 1933

Anders Johnsen Buen (24. februar 186417. juli 1933) var ein norsk politikar frå Gransherad i Telemark. Han var typograf og sidan journalist, og vart redaktør av Social-Demokraten, hovudorganet til Arbeidarpartiet, frå 1900 til 1903. Etterpå vart han redaktør av arbeidaravisa Ny Tid i Trondheim.

Buen var stortingsmann frå 1906 til 1921. Han var parlamentarisk leiar for Arbeidarpartigruppa frå 1915 til partiet vart kløyvd i 1921. Da vart han leiar for stortingsgruppa til Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, som vart skipa det året. Han redigerte også avisa Trøndelag Socialdemokrat i dei åra NSA eksisterte, frå 1921 til 1927. Denne avisa gjekk dåa opp i Arbeideravisa.

Buen var i desse åra ein sterk motstandar av den radikale fløya i Arbeidarpartiet som var leidd av Martin Tranmæl. Han var ein klart reformistisk sosialist, og han støtta Gunnar Knudsen si Venstre-regjering mot Høgre, mellom anna under striden om rettskrivingsreforma av 1917.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]