Agriturisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Feriehus i Hof Limbeck.
Frå eit agriturismehus i Montepulciano.
Ysting kan vera del av agriturisme. Her frå Lesachtal i Austerrike.

Agriturisme eller agroturisme er ei form for turisme der folk vitjer gardsbruk av ulike slag. Agroturisme har ulike definisjonar i ulike land. I Italia vert omgrepet agroturismo brukt hovusakleg for gardsopphald, medan i andre land kan det inkludere ei rekkje aktivitetar som å hjelpe til med gardsdrift. Det er fyrst og fremst fem typar aktivitetar som kan reknast som agroturisme: direkte produktutsal, landbruksundervisning (ta imot skuleelevar og små grupper), overnatting, friluftsaktivitetar og underhalding.[1]

Agroturisme er ein slags nisjeturisme som er i framgang i mange delar av verda. Agroturisme har blant anna som mål å fremje lokal kunnskap og berekraftig landbruk.

Merksemd[endre | endre wikiteksten]

Folk er i aukande grad interesserte i å vite kvar maten deira kjem frå og ynskjer å treffe bøndene og produsentane og forstå korleis varene vert produserte. For mange urbane innbyggjarar, særskilt born, er slike besøk det fyrste høvet dei har å sjå kvar maten deira kjem frå og at dei er i kontakt anten med mjølkekyr, ser korleis korn, grønsaker eller frukt vert dyrka.[2]

Samstundes er denne typen turisme ein måte for bøndene å diversifisere aktivitetane sine og garantere fleire kjelder for inntekt. Agroturisme hjelper også bøndene å trekkje publikum si merksemd og forståing om landbruk, og å fremje produkta sine.[3]

Økonomiske gevinstar[endre | endre wikiteksten]

Agroturisme er ofte blitt naudsynt for at små bønder skal klare seg økonomisk. Ved å diversifisere aktivitetane sine får dei meir stabile inntekt. Dette er særskilt viktig når gardsdrifta ikkje bringer inntekt, som på vinteren.[4] Ulike studiar har synt at agroturisme ofte påverkar lokale sammfunn på ein positiv måte. Ved å tiltrekkje turistar i områda det gjeld vert den lokale økonomien stimulert. Dette er særleg viktig for rurale område som treng fleire kjelder for inntekt.[5]

Agroturisme i ulike land[endre | endre wikiteksten]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er agriturismen organisert av Hanen[6] og NBG.[7] Dette er bransje- og marknadsorganisasjonar for verksemder innan bygdeturisme og gardsmat. I Noreg fanst det tidlegare to organisasjonar som arbeidde med agriturisme: Norsk Bygdeturisme og Norsk Gardsmat. I 2004 vart organisasjonane slåtte saman under namnet Norsk Bygdeturisme og Gardsmat (NBG).

Hanen har 400 medlemar over heile landet fordelt i 12 regionlag. Hanen samarbeider med Statens vegvesen om vegskiltsymbolet 650.40 for «Gardsmat/bygdeturisme», den sokalla «Veghanen».

Latvia[endre | endre wikiteksten]

Latvia er ein populær destinasjon for utanlandske turistar. Det finst mange tilbod om gardsturar der turistane får lære om korleis varene som vert brukte i den latviske mattradisjonen, som til dømes opplagd mjølk, bokkveite, tindved, karveost, rugbrød og øl, vert laga. Samstundes held desse gardane på å bli populære stadar for å promotere og lære om tradisjonell latvisk kost.[8]

Italia[endre | endre wikiteksten]

Agroturismo gjeldte fyrst gardopphald i Italia men dei siste ti åra har aktivitetstilboda blitt større.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chase, Lisa C.; Stewart, Mary; Schilling, Brian; Smith, Becky; Walk, Michelle (2. april 2018). «Agritourism: Toward a Conceptual Framework for Industry Analysis». Journal of Agriculture, Food Systems, and Community Development (på engelsk) 8 (1): 13–19. ISSN 2152-0801. doi:10.5304/jafscd.2018.081.016. 
  2. «Know Your Farmer, Know Your Food». USDA. Henta 2. april 2013. 
  3. Brachfeld, Aaron. «USDA February 2012 Agrotourism to cultivate new direct sales». The Meadowlark Herald Mal:Pipe Volume 3 Issue 8. Henta 19. februar 2012. 
  4. Khanal, Aditya; Mishra, Ashok (2014). «Agritourism and off‐farm work: survival strategies for small farms». Agricultural Economics 45 (S1) – via Wiley Online Library. 
  5. Barbieri, Carla; Sotomayor, Sandra; Aguilar, Francisco (2017). «Perceived Benefits of Agricultural Lands Offering Agritourism». Tourism Planning and Development 16 (1): 43–60. 
  6. https://www.hanen.no/
  7. http://bygdeturisme-gardsmat.no/
  8. saeima, Zemnieku. «Agricultural Tourism Farms». Henta 21. desember 2017.