Tindved

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tindved
Tindved
Tindved
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Sylvbuskfamilien Elaeagnaceae
Slekt: Tindvedslekta Hippophae
Art: Tindved H. rhamnoides
Vitskapleg namn
Hippophae rhamnoides

Tindved (Hippophaë rhamnoides) er ein busk i sylvbuskfamilien. Han er 0,5 til 3 meter høg, med vedtornar og smalt avlange blad som er sylvglinsande på undersida. Han har småe, gulgrøne blomar og ertestore, oransjegule frukter, som er særs rike på C-vitamin. Kvistene vart nytta til rivetindar. I Asia er tindved ein viktig steppeplante. I Noreg veks tindved på havstrand og i urer frå Trondheim til Ibestad i Troms, og planten er dessutan funnen viltveksande i Lom, Skjåk og Stryn, på havstrand nær Grimstad, og fossil i kalktuff i Øyer. Tindved er vanleg på lyngheiane i Jylland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]