Bokkveite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bokkveite
Bokkveite
Bokkveite
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Slireknefamilien Polygonaceae
Underfamilie: Polygonoideae
Slekt: Bokkveiteslekta Fagopyrum
Art: Bokkveite F. esculentum
Vitskapleg namn
Fagopyrum esculentum

Bokkveite (Fagopyrum esculentum Moench el. F. sagittatum Gil.) er ein eittårig om lag 40 cm høg urt i slireknefamilien. Planten har kvite eller bleikraude blomstrar og svart nøtt med jamne kantar.[1]

Trass i namnet, er bokkveite ikkje nært i slekt med kveite. Faktisk er det ikkje eit kornslag i det heile, men ei nøtt, og dessutan ein fjern slektning av rabarbra.

Gryna (frøa) vert brukte i matlaging, anten heile eller som mjøl. Heil bokkveite kan kokast som ris eller graut. Korna får ein grautliknande konsistens under kokinga. Den bør dekstrinerast før den vert kokt som ris. Bokkveitemjøl vert m.a. brukt i galettar (bretonske matpannekaker) som gjerne vert servert med speilegg og litt ost og skinke på.

I Noreg veks bokkveita nord til Sør-Trøndelag, elles spreidd i Korgen, Fauske og Vågan; i Sverige veks ho frå Skåne til Dalarna og Medelpad. Den har eit høgt innhald av aminosyra lysin og mykje organisk bunde kalsium, jern, kalium, magnesium, kisel og fluor. Bokkveite er lett fordøyeleg og veleigna som diettmat. Bokkveite inneheld ikkje gluten.

Ein del menneske er allergiske mot fargestoffet fagopyrin, som finst i ytterskalet til bokkveiten. Ein kan fjerne fagopyrinen ved å skylle bokkveiten med kokt vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]