Akersberg gruver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′29.075″N 10°44′57.966″E

Akersberget med Gamle Aker kyrkje, her kalla Agers gamle Kirke, på eit utsnitt av Næsers kart frå 1858. Gatene Akersbakken, Maridals Veien og Telthus Gaden, er dei same gatene som ligg her i dag, med dei same namna. Sølvgruva låg ved foten av den bratte skrenten ned mot Maridalsveien, markert ved dei tette høgdekurvene. Bygningen merka Ølkjælder var eit stort bindingsverkshus over dei underjordiske ølkjellarane til Ytteborgs Bryggeri frå 1843. Bygningen er rive for lang tid sidan og terrenget er no ein del av kyrkjegarden kring Gamle Aker kyrkje. Men dei underjordiske ølkjellarane, som aldri har hatt noko med gruvedrifta å gjere, er teke vare på etter å ha vore brukt som grønsakslager ei tid, og fekk då inngang frå ei dør som framleis er å sjå i fjellveggen langs gata Akersbakken.

Akersberg gruver er ei tidlegare sølvgruve som ligg i fjellet nedanfor Gamle Aker kyrkje i Oslo. Gruva hadde innslag ved foten av den høge skrenten ned mot Maridalsveien, i området bak den noverande transformatorstasjonen tvers over vegen for Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Ein meiner dette er landets eldste gruve. I Historia Norvegiae, ei lita noregshistorie skrive på latin i 1170-åra, vart det talt om ei gruve i Oslo, kalla «Drakehullene», som er rik på sølv. Det står (omsett til nynorsk): «Like eins er det ved byen Oslo ein stor rikdom på sølv, men kraftig vasstraum har no stengt han for folk, så den ligg bortgøymt under berghamrane». Skildringa passar godt på Akersberg gruve. Gruva var allereie då nedlagt, sidan ho ikkje kunne haldast tom for vatn. Men ho var truleg i drift då Harald Hardråde grunnla Oslo rundt 1050. Ifølgje segnet kviler Gamle Aker kyrkje på 4 stolpar av gull, og mellom desse sym ender av gull rundt i ein dam. I dammen finst det seg ein skatt, og denne er vakta av ein drake. Tidvis står det damp av svovel ut av hulen, frå den sovande draken. Folk meinte at gruvegangane eigentleg var gravne av denne draken.[1] «Drakehullene» som er referert til på eldre kart over Bymarka som ei djup kløft i fjellknausen vest for kyrka, parallell med Maridalsveien. Kløfta var resultatet av at sølvhaldig blyglans i diabas-gangen gjennom knausen vart sprengt ut ved gruvedrifta. (Sjå nedanfor). Frå denne kløfta gjekk det stollar inn i fjellveggen mot vest, sannsynlegvis sprengt ut under leiting etter nye drivverdige førekomstar. Ved midten av 1800-åra vart det truleg brote diabas (kalla grønstein) til brulegging av gater i denne som i andre diabas-gangar i sentrale delar av Oslo. Fjellet aust for denne kløfta vart sprengt vekk tidleg på 1900-talet då Asola sjokoladefabrikk blei oppført på tomta Akersbakken 10.

Gruva vart teken opp igjen og drive av tyske bergverksfolk i perioden 1520-38. Sølvet blei utvunne rett ved sida av gruva, frå blyglans og koparkis. Prøvene vart varma opp til svovelet unnslapp som gass. Ved vidare oppvarming smelta sølvet og dei andre metalla slik at dei kunne skiljast frå kvarandre. Akersberg gruve har ikkje vore drive etter 1610. Ein av dei gamle stollane blei påtreft i 1975 under sprengingsarbeid for nybygg ved Maridalsvegen. Han blei undersøkt, oppmålt og deretter forsegla, og er som del av eit gruveanlegg frå mellomalderen automatisk freda etter kulturminnelova.

Geologien under kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Ein mørk steinsmelte i Oslofeltet har trengt inn i ein nordaust-sørvest gåande spalte i kambrosilur-sedimenta ved Gamle Aker kyrkje. Denne dannar ein nokre meter brei, mørk og finkorna gangbergart: diabas. Metallrike oppløysningar har sirkulert og vorte feldt ut i sprekkar i diabasgangen som sinkblende, svovelkis og sølvhaldig blyglans (sinkblende finst i store mengder, medan blyglans er meir sjeldsynt). Desse metallhaldige løysningane kan stamme frå ein granitt som ligg i djupet under Akersberget gruve, og som trengde inn i jordskorpa då Oslo-rifta var aktiv. Andre meiner at varmen frå steinsmelter med granitt i djupet sette i gang ein sirkulasjon av metallhaldige væsker i kambrosilur-sedimenta og at metalla kjem frå desse sedimenta. Tilsvarande diabasgangar finst fleire stader i Oslofeltet, gjennom andre Wergelandsgrotta og ein gang langs austsida av Geitmyrsveien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tom Segalstad: Leting etter mineralressurser, P2-akademiet bind I

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dons, Johannes A., Johan Fredrik Bockelie. 1996. Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser. Nesbru: Vett & Viten. ISBN 82-412-0102-8 (Boka har mellom anna stoff om steinen som er nytta i kyrkjebygningen).
  • Segalstad, Tom Victor. 1997. Leting etter mineralressurser : betydning for kulturhistorie og sivilisasjon, føredrag i P2-akademiet / Kulturredaksjonen NRK P2, utgjeve i bokform som ein artikkel i band I i samlingene av desse radioføredraga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]