Albert Balchen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Albert Balchen
Albert Henrik Krohn Balchen OB.SZ14520.jpg
Albert Henrik Krohn Balchen
Foto: Ludwik Szacinskis fotoatelier / Oslo Museum
Fødd8. oktober 1825
Gaular
Død12. november 1908
Kristiania
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, prest, lærar

Albert Henrik Krohn Balchen (8. oktober 182512. november 1908) var ein lærar, prest, forfattar og stortingsmann, fødd i Gaular.

Balchen var son til ein prest. Han vart student frå Bergens skole i 1844 og vart cand. theol. i 1848. Dei neste åra var han skulelærar og huslærar. Frå 1851 var han styrar ved borgarskulen i Levanger, deretter lærar ved borgar- og realskulen i Christiania. Sidan var han sokneprest i Trysil 1858-67, Sarpsborg 1867-76, Høland 1876-84 og i Larvik 1884-97. Han var ordførar og sparebank-«direktør» (dvs styremedlem) i Trysil, og medlem av forlikskommisjonen i Sarpsborg.

Balchen representerte Sarpsborg på Stortinget 1868-76 og Larvik og Sandefjord frå 1886 til -91. Han var i 1868-69 medlem av kyrkjekomite nr 1. Dei to neste tingperiodane var han sekretær i kyrkjekomiteen, fram til han i 1876 var han formann for komiteen. Han fekk atter sete i kyrkjekomiteen då han kom innatt på Stortinget, 1886-91. Den siste tingbolken, 1889-91, var han i tillegg medlem av Lagtinget. Balchen var elles medlem av skattelovskommisjonen av 1884.

Han døydde i Kristiania i 1908.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1851 – Udvalg af christelige Psalmer
  • 1854 – Kort Grundrids af den norske Ord- og Sætningslære (Levanger: A. Balchen)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Biografisk informasjon om Albert Balchen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  • Om Albert Balchen i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane