Alf Petter Tjøme
Alf Petter Tjøme | |||
| |||
Fødd | 9. oktober 1856 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 23. desember 1900 (44 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, ingeniør, entreprenør | ||
Alle verv |
|
Alf Petter Wessel Tjøme (9. oktober 1856–23. desember 1900) var ein ingeniør, bankmann og stortingsmann frå Kristiania.
Tjøme tok eksamen ved den tekniske skulen i Kristiania og var deretter eitt år ved same skuleslaget i Dresden i Tyskland. Frå 1879 var han vernepliktig sekondløytnant. Han busette seg i 1883 i Kristiansund, der han var ingeniør, bankkasserar og -revisor.
Alf Petter Tjøme var medlem av bystyret i Kristiansund i mange år, og var ei tid ordførar. Han vart vald til stortingsmann for byen og for partiet Venstre for perioden 1900-03. På tinget var han medlem av budsjettkomiteen.
Han døydde i Berlin allereie på tampen av året 1900, same året som han hadde teke sete på Stortinget.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914