Alf Storelvmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alf Storelvmo
Fødd 7. februar 1938
Sørreisa
Død

15. mai 2014
Sørreisa

Yrke kombinertløpar, langrennsløpar

Alf Ole Storelvmo (7. februar 193815. mai 2014) var ein norsk langrennsløpar, fødd og død i Sørreisa.

Han slo gjennom i 1962 og vart noregsmeister på 15 km det året etter ein sekundstrid med Magnar Lundemo og Sverre Stensheim. Til sist var han 0,7 sekund føre Lundemo i mål. Hans einaste VM-renn var 15 km i Zakopane i 1962. Her enda han på 25. plass, over fem minuttar bak verdsmeisteren Assar Rönnlund frå Sverige. Året etter, 1963, vart han nr 2 på 15-kilometeren i Holmenkollen, bak Hallgeir Brenden. I tur og orden var Storelvmo medlem av Sørreisa Skilag, Mo Skilag og BUL Oslo. Både i 1961 og 1970 var han med på BUL sine vinnarlag i NM-stafetten på 3x10 km. Første gongen gjekk han i lag med Arne Jensen og Ingmund Holtås, andre gongen med Odd Martinsen og Lorns Skjemstad. Både i 1960 og 1971 fekk han NM-sølv for BUL i stafett.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1962: Nr 11 på 15 km i Holmenkollen
  • 1963: Nr 2 på 15 km i Holmenkollen
  • 1964: Nr 8 på 15 km i Holmenkollen
  • 1969: Nr 9 på 15 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1960: Nr 11 på 15 km i Nedre Eiker, og NM-sølv i stafett for BUL Oslo
  • 1961: Gull i 3x10 km stafett med BUL Oslo
  • 1962: Gullmedalje på 15 km i Skien
  • 1963: Nr 5 på 15 km på Rælingen
  • 1965: Nr 5 på 30 km på Fåberg
  • 1966: Nr 10 på 15 km på Hernes
  • 1969: Nr 6 på 15 km i Alvdal
  • 1970: Nr 11 på 50 km i Meldal og gull i 3x10 km stafett med BUL Oslo
  • 1971: Sølv i 3x10 km stafett med BUL Oslo

Storelvmo vann Monolittrennet i 1964.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar