Hallgeir Brenden
Hallgeir Brenden | |
![]() | |
Fødd | 10. februar 1929 Trysil |
Død |
21. september 2007 (78 år) |
Yrke | langrennsløpar, friidrettsutøvar |
Hallgeir Brenden på Commons |
Hallgeir Brenden (10. februar 1929–21. september 2007) var ein norsk langrennsløpar frå Tørberget i Trysil.
Under Vinter-OL 1952 på heimebane i Oslo, vann han olympisk gullmedalje i 18 km langrenn og sølvmedalje i 4 * 10 km stafett. Brenden vann enda ei gullmedalje ved 15 km langrenn i Vinter-OL 1956 og skaffa seg sølvmedalje i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley. 3 gonger har Brenden vunne i Holmenkollrenna: 18 km i 1952 og 15 km i 1956 og 1963. Han er den einaste som har vunne 18 km og 15 km i både vinter-OL, verdsmeisterskapen og i Holmenkollen.
I tillegg til langrenn konkurrerte Brenden også i friidrett. Her vart han noregsmeister på 3000 meter hinder både i 1953 og i 1954.
Brenden mottok Egebergs Ærespris og Morgenbladets gullmedalje i 1952. I 1955 vart Brenden tildelt Holmenkollmedaljen (delt med Kong Haakon VII, Veikko Hakulinen, og Sverre Stenersen). I 1956 vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Ein statue av Brenden vart avduka framfor Trysil rådhus den 16. februar 2002. Statuen er laga av bilethoggaren Skule Waksvik.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (en) Hallgeir Brenden – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Vg.no:Hallgeir Brenden er død
- Einskildmenn
- Fødde i 1929
- Døde i 2007
- Norske langrennsløparar
- Norske friidrettsutøvarar
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Vinnarar av Egebergs Ærespris
- Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris
- Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje
- Kongepokalvinnarar i skiidrett
- Norske deltakarar under vinter-OL 1952
- Langrennsløparar under vinter-OL 1952
- Norske deltakarar under vinter-OL 1956
- Langrennsløparar under vinter-OL 1956
- Norske deltakarar under vinter-OL 1960
- Langrennsløparar under vinter-OL 1960
- Folk frå Trysil