Alma i Israel
| Alma | |||
| עַלְמָה | |||
| moshav | |||
Alma, 2012 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Merom HaGalil | ||
| Koordinatar | 33°3′4.32″N 35°29′59.63″E / 33.0512000°N 35.4998972°E | ||
| Folketal | 622 (2011)[1] | ||
| Grunnlagd | 1. september 1949 | ||
| • Grunnlagd av | Libyske jødar | ||
| Tilhøyrsle | HaPoel HaMizrahi | ||
![]() Alma i Israel 33°03′04″N 35°30′00″E / 33.0512°N 35.499897222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Alma, Israel | |||
Alma (עַלְמָה) er ein religiøs, jødisk moshav i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Alma vart grunnlagd den 1. september 1949 av immigrantar til Israel frå Libya. I 1953 kom ei gruppe jødiske konvertittar, kjend som jødane frå San Nicandro, frå Italia. Dei flytta seinare frå Alma til nærliggande moshavar. Etter italienarane drog, kom cochin-jødar frå India.[2]
I romartida, då området låg i provinsen Judaea, låg det ein jødisk by på denne staden. Namnet Alma er først nemnt i krossfarartida. Det jødiske samfunnet eksisterte fram til 1600-talet.[2] Benjamin av Tudela vitja staden og då budde det 50 jødiske familiar i Alma.[3]
Nær gravplassen til moshaven ligg ruinane av det som var ei synagoge, kanskje frå 200-talet. Ruinane er aldri blitt skikkelig undersøkt eller grave ut. I nærleiken ligg òg fleire graver, mellom anna grava til Eleazar ben Arach, og det som tradisjonelt vert rekna som grava til Eliezer ben Hurcanus.[2]
Den nærliggande palestinske landsbyen Alma, som eig landområdet som moshaven Alma ligg på, vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen 1948.[2]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Alma ligg kring 600 meter over havet, i eit område kalla Almahøgdene, nær småelva Dishon. Dishon naturreservat ligg like ved landsbyen, og det same gjer den tsjerkessiske landsbyen Rehaniya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alma, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File». Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 8. mars 2015.
- 1 2 3 4 Mapa's concise gazetteer of Israel (på hebraisk). Yuval El'azari (ed.). Tel Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 424. ISBN 965-7184-34-7.
- ↑ HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 763. ISBN 965-448-413-7.


