Rehaniya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°2′54.12″N 35°29′15.36″E
Rehaniya
רִיחָאנִיָּה, الريحانية, adygeisk Рихьаные
landsby
Reyhaniya.jpg
Namneopphav: Myrt
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°2′54.12″N 35°29′15.36″E
Folketal 1 123 (2011)
Grunnlagd 1878
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Rehaniya

Rehaniya (adygeisk Рихьаные; arabisk الريحانية; רִיחָנִיָּה) er ein hovudsakleg tsjerkessisk landsby kring 8 km nord for Safed nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tsjerkessarane kom til Midtausten etter at dei vart drivne bort frå heimlandet sitt i Nord-Kaukasus. Tsjerkessarane vart massakrerte og drivne ut av Tsar-Russland frå Kaukasus. Det osmanske riket tok i mot dei og busette dei i tynt folkesette området, inkludert Galilea i Beirut vilajet (Osmansk Syria).

Området dei slo seg ned i vart kalla Burak Alma.[1]

Landsbyen Rehaniya vart grunnlagd i 1873, men først i 1878 kom tsjerkessiske familiar frå Abazah-stamme nord i Kaukasus, eit område som i dag ligg i Adygea og Karatsjaj–Tsjerkessia i Russland.

I folketeljinga i 1922 hadde Rihania 211 innbyggjarar, alle muslimar,[2] og i 1931 var talet auka til 222, framleis alle muslimar, fordelt på 53 hus.[3] I 1945 var folketalet 290.[4] Alle innbyggjarane var då muslimar.[5]

Landsbyen vart bygd i tradisjonell tsjerkessisk stil, som har røter i Kaukasus. Husa er bygd inntil kvarandre og dannar ein slags vernande mur kring byen. Det står ein moské i landsbyen, som skil seg mykje frå arabiske moskear.

I 1948, under Operasjon Hiram (29.-31. oktober), overgav landsbybuarane seg til den framrykkande israelske hæren og fekk lov å bli verande i landsbyen. I november 1949 var det planar om å kaste ut innbyggjarar, i tillegg til fem andre landsbyar langs grensa til Libanon. Forslaget hadde sterk støtte i Det israelske forsvaret, men vart avvist av Utanriksdepartementet, som var redd for korleis det internasjoanle samfunnet kom til å reagere.[6] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Rehaniya er ein av to hovudsakleg tsjerkessiske landsbyar i Israel. Den andre er Kfar Kama, som fekk status som lokal kommune i 1950.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, p. 70
  2. Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Safad, p. 41
  3. Mills, 1932, p. 109
  4. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 71
  5. United Nations Conciliation Commission for Palestine, Village Statistics, April 1945, p. 5
  6. Morris, 1987, pp.226 242,251.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]