Along Came Jones
| Along Came Jones Singel av The Coasters | ||
| B-side |
«That Is Rock & Roll» | |
|---|---|---|
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | Mai 1959 | |
| Innspelt | 26. mars 1959 | |
| Sjanger | Rock and roll | |
| Lengd | 2:53 | |
| Selskap | Atco | |
| Komponist | Jerry Leiber, Mike Stoller | |
| Tekstforfattar | Jerry Leiber, Mike Stoller | |
| Låtskrivar(ar) | Jerry Leiber og Mike Stoller | |
| The Coasters-kronologi | ||
| «Charlie Brown» (1959) |
Along Came Jones | «Poison Ivy» (1959)
|
«Along Came Jones» er ein komisk song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller og spelt inn av The Coasters,[1] men sidan spelt inn av mange andre band og artistar.
Songen
[endre | endre wikiteksten]Songen vert fortalt ut frå ein kar som ser på fjernsyn om samspelet mellom ein revolvermann («Jones»), ein banditt («Salty Sam») og ein rancheigar («Sweet Sue») i eit fjernsynsshow. Salty Sam bortfører Sue og ho hamnar i forskjellige farar som Jones måredde ho frå.[1]
Tenorsaksofonen på songen er spelt av King Curtis.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]The Righteous Brothers spelte inn songen på albumet deira Sayin' Something (1967).[2] Ein versjon av popartisten Ray Stevens i 1969 nådde 27. plassen på Billboard Hot 100.[3]
Micky Dolenz og Davy Jones (frå The Monkees) spelte inn ein versjon med Monkees-låtskrivarane Tommy Boyce og Bobby Hart på albumet Dolenz, Jones, Boyce & Hart i 1976.[4]
Den franske songaren Henri Salvador spelte inn songen på fransk, men med ein annan tekst og ein barne-TV-helt i rolla: «Zorro est arrivé» (1964).[5]
Songen er nemnt i songen «Million Dollar Bash» av Bob Dylan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Along Came Jones (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 Leiber & Stoller intervjua på Pop Chronicles (1969)
- ↑ The Righteous Brothers, Sayin' Something Henta 17. februar 2018
- ↑ Ray Stevens chart positions Henta 17. februar 2018.
- ↑ Dolenz, Jones, Boyce & Hart, Dolenz, Jones, Boyce & Hart Henta 17. februar 2018
- ↑ Henri Salvador - Zorro est Arrivé - EMI Records (France) Arkivert 2011-09-29 ved Wayback Machine.