My Babe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
My Babe
Singel av Little Walter
B-side «Thunder Bird»
Utgjeve Februar 1955[1]
Innspelt 25. januar 1955
Sjanger R&B, Chicago blues
Lengd 2:44
Selskap Checker 811
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Leonard Chess, Phil Chess
Little Walter-kronologi
«Last Night»

(1954)

My Babe «Roller Coaster»

(1955)


«My Babe» er ein bluessong og ein bluesstandard skriven av Willie Dixon for Little Walter.[2] Songen vart gjeven ut i 1955 på Checker Records, ein etikett for Chess Records. Han var den einaste Dixon-songen som gjekk til topps på R&B-lista i USA og ein av dei største hittane i karrieren til Walter.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen var basert på ein tradisjonell gospelsong «This Train (Is Bound For Glory)», spelt inn av Sister Rosetta Tharpe som «This Train» i 1939. Dixon omarbeidde arrangementet og teksten frå religiøs til verdsleg: «My baby, she don't stand no cheating, my babe, she don't stand none of that midnight creeping.»[3]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det ikkje finst dokumentasjon, vart songen truleg spelt inn i Universal Recorders i Chicago, staden der dei fleste innspelingane for Chess og Checker fann stad før Chess opna sitt eige studio i 1956 eller 1957. Little Walter song og spelte munnspel og hadde med seg Robert Lockwood jr. og Leonard Castongitar, Willie Dixonkontrabass og Fred Belowtrommer.[4] Gitaristen Luther Tucker, som då var medlem i bandet til Walter, var ikkje med på denne innspelinga. «My Babe» vart gjeven ut på ny i 1961, med kvinneleg korsong lagt oppå, og han gjekk så vidt inn på poplista i USA.[2]

Utgjeving og lister[endre | endre wikiteksten]

Berre dagar etter at Ray Charles hadde gått inn på listene med den omarbeidde gospelsalmen «It Must Be Jesus» til «I Got a Woman» den 22. januar 1955, gjekk Little Walter inn i studio og spelte inn «My Babe» den 25. januar 1955. «My Babe» vart gjeven ut samstundes som «I've Got A Woman» framleis låg på listene og låg 19 veker på Billboard R&B-lista frå og med 12. mars 1955, og låg fem veker på toppen av lista. Han vart slik ein av dei største R&B-hittane i 1955.[5] B-sida til «My Babe» var ein munnspelinstrumental kalla «Thunderbird».

I 2008 vart «My Babe» innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i kategorien «Classic of Blues Recording — Singles or Album Tracks».[6]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Suksessen til songen har blitt gjeven ut av mange andre artistar:[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Review Spotlight on Records». Billboard: 57. 26. februar 1955.  Den ukjende parameteren |accessdato= vart ignorert (hjelp)
  2. 2,0 2,1 2,2 Dirks, Scott; & Komara, Edward M. [ed.] (2006). Encyclopedia of the Blues. Routledge. s. 982. ISBN 0-415-92699-8
  3. Gilliland, John (1969). «Show 4 - The Tribal Drum: The rise of rhythm and blues. [Part 2»] (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. http://digital.library.unt.edu/ark:/67531/metadc19750/m1/. 
  4. Obrecht, Jas. (2000). Rollin' and Tumblin': The Postwar Blues Gitarists. Backbeat Books s. 179. ISBN 0-87930-613-0
  5. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 357. 
  6. «Classic of Blues Recording — Singles or Album Tracks». Blues Foundation Hall of Fame — 2008 Inductees. The Blues Foundation. 2008. http://www.blues.org/#ref=halloffame_inductees. Henta 14. juli 2013. 
  7. «My Babe — Search Results». Allmusic. Rovi Corp.. http://www.allmusic.com/search/songs/%26quot%3Bmy+babe%26quot%3B. Henta 14. juli 2014.