Alumim
Alumim | |||
landsby | |||
Inngangen til kibbutzen
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Sdot Negev | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 430 (2011) | ||
Grunnlagd | 1966 | ||
- Grunnlagd av | tidlegare Bnei Akiva-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Den religiøse kibbutzrørsla | ||
![]() Alumim | |||
Wikimedia Commons: Alumim | |||
Nettstad: www.alumim.co.il | |||
Alumim (hebraisk skrift עֲלוּמִים, tyder Ungdom) er ein kibbutz nordvest i Negevørkenen sør i Israel. Han ligg nær Gazastripa og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2011 hadde han 430 innbyggjarar.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Kibbutzen vart grunnlagd i 1966 som ein grensebusetnad mot Egypt av Bnei Akiva-medlemmar frå ein Nahal-gar'in. Landområdet hadde høyrt til Den religiøse kibbutzrørsla sidan 1940-åra og det vart tidlegare drive jordbruk her av kibbutzen Be'erot Yitzhak, som vart flytta då han vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen i 1948.
I løpet av åra kom fleire Nahal-grupper til kibbutzen, i tillegg til grupper av immigrantar frå World Bnei Akiva. Dei største gruppene frå utlandet kom frå Storbritannia. I dag har Alumim kring 140 medlemmar, basert på kring 70 familiar. Kring 20% av medlemmane er immigrantar frå Storbritannia.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Alumim» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnetcbs-loc
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad (he)