Anastasija Petrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Anastasija Petrik (fødd 4. mai 2002) er ein ukrainsk songar.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Dityache Evrobachennya 2012[endre | endre wikiteksten]

Petrik var ein av 21 deltakarar som vart valt ut av Natsionalna Telekompanija Ukraïny til å delta i Dityache Evrobachennya 2012, den ukrainske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2012 i Amsterdam i Nederland. Før ho vart valt ut til å delta i Dityache Evrobachennya 2012 måtte ho gjennom ein regional uttaking. Ho vann til slutt tevlinga med songen «Nebo» og fekk representere Ukraina.

Junior Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Ukraina deltok i Junior Eurovision Song Contest 2012 og vann med 138 poeng; tolv frå Kviterussland, Sverige, Belgia, Russland, Israel, Armenia, Moldova og Nederland, ti frå juryen og Georgia, seks frå Albania og fire frå Aserbajdsjan. I tillegg fekk alle landa tolv poeng før poengutdelinga starta for at ingen skulle få null poeng. Petrik sette rekord i største sigersmargin, 35 poeng framfor andreplassen, og ho var den som fekk flest tolvarar då poenga vart del ut. Fire år tidlegare hadde systera Victoria Petrik enda på andreplass for Ukraina i Junior Eurovision Song Contest 2008 i LimassolKypros med songen «Matrosi».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!