Anastasija Petryk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anastasija Petryk
Anastasiya Petryk (Ukraine, winner of JESC 2012).jpg
Fødd4. mai 2002 (18 år)
FødestadOdessa
FødenamnАнастасі́я Íгoрівна Пе́трик
OpphavUkraina
Aktiv2009–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Anastasija Ihorivna Petryk (fødd 4. mai 2002 i Odessa) er ein ukrainsk songar.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Ditjatsje Jevrobatsjennja 2012[endre | endre wikiteksten]

Petryk var ein av 21 deltakarar som vart vald ut av Natsionalna Telekompanija Ukraïny til å delta i Ditjatsje Jevrobatsjennja 2012, den ukrainske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2012 i Amsterdam i Nederland. Før ho vart vald ut til å delta i Ditjatsje Jevrobatsjennja 2012 måtte ho gjennom ein regional uttaking. Ho vann til slutt tevlinga med songen «Nebo» og fekk representere Ukraina.

Junior Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Ukraina deltok i Junior Eurovision Song Contest 2012 og vann med 138 poeng; tolv frå Kviterussland, Sverige, Belgia, Russland, Israel, Armenia, Moldova og Nederland, ti frå juryen og Georgia, seks frå Albania og fire frå Aserbajdsjan. I tillegg fekk alle landa tolv poeng før poengutdelinga starta for at ingen skulle få null poeng. Petryk sette rekord i største sigersmargin, 35 poeng framfor andreplassen, og ho var den som fekk flest tolvarar då poenga vart del ut. Fire år tidlegare hadde systera Viktorija Petryk enda på andreplass for Ukraina i Junior Eurovision Song Contest 2008 i LimassolKypros med songen «Matrosy».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]