Russland i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Russland
EuroRusia.svg
Offisielt Russland

Russia-1, Karusel
Uttakingar
Nasjonalt 12
Internt 1
Deltaking
Debutår 2005
Deltakingar 13
Beste resultat
Finalen 1 (2006 og 2017)
Verste resultat
Finalen 9 (2005)
Poeng
Totalt 1 492

Russland debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2005 i Hasselt, Belgia, med songen «Doroga K Solntsu», framførd på russisk av Vladislav Krutskikh. Bidraga vert valt gjennom ei nasjonal finale, arrangert av den russiske kringkastaren Russia-1. I 2014, vart bidraget valt internt.

Ekaterina Ryabova vart den fyrste songaren til å tevle to gongar i Junior Eurovision Song Contest, då ho deltok i 2009 og 2011. Lerika vart den fyrste til å tevle to år rad, men for to ulike land. I 2011 tevla ho for Moldova, og i 2012 for Russland.

Russland har vunne Junior Eurovision Song Contest to gongar. I 2006 vann dei for fyrste gong med songen «Vesenniy Jazz», syngja av Tolmachevy Twins. Det var også fyrste gongen Russland vann ei Eurovision-konkurranse. I 2017 vann dei igjen, med songen «Wings», syngja av Polina Bogusevitsj.

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Poeng Plass
2005 Vladislav Krutskikh «Doroga K Solntsu» Russisk 066 9
2006 Tolmatsjovy-systrene «Vesennij Jazz» Russisk 156 1
2007 Aleksandra Golovtsjenko «Otlitsjnitsa» Russisk 105 6
2008 Mikhail Puntov «Spit Angel» Russisk 073 7
2009 Jekaterina Rjabova «Malenkij Prints» Russisk 116 2
2010 Sasha Lazin & Liza Drozd «Boy And Girl» Russisk 119 2
2011 Jekaterina Rjabova «Kak Romeo I Dzjuljetta» Russisk 099 4
2012 Lerika «Sensatsija» Russisk og Engelsk 088 4
2013 Dajana Kirillova «Mechtay» Russisk 106 4
2014 Alisa Kozjikina «Dreamer» Russisk og Engelsk 096 5
2015 Mikhail Smirnov «Metsjta» Russisk og Engelsk 080 6
2016 The Water of Life Project «Water of Life» Russisk og Engelsk 202 4
2017 Polina Bogusevitsj «Wings» Russisk og Engelsk 188 1
2018 Anna Filiptsjuk «Hepobedimy» Russisk og Engelsk

Røystgjeving[endre | endre wikiteksten]

Russland har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Flag of Belarus.svg Kviterussland 138
2 Flag of Armenia.svg Armenia 116
3 Flag of Georgia.svg Georgia 87
4 Flag of Ukraine.svg Ukraina 69
5 Flag of the Netherlands.svg Nederland 46
Russland har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Flag of Belarus.svg Kviterussland 141
2 Flag of Armenia.svg Armenia 102
3 Flag of Ukraine.svg Ukraina 93
4 Flag of Serbia.svg Serbia 83
5 Flag of the Netherlands.svg Nederland 79

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]