Junior Eurovision Song Contest 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Junior Eurovision Song Contest 2012
Break The Ice
250px
Dato
Finalen 1. desember 2012
Vertskap
Stad Heineken Music Hall i Amsterdam
Programleiarar Ewout Genemans og Kim-Lian van der Meij
Kringkastar AVRO
Deltakarar
Deltakarland 12
Debuterte Albania
Aserbajdsjan
Israel
Trekte seg Bulgaria
Latvia
Litauen
Makedonia
Ikkje med Kroatia
Kypros
Danmark
Frankrike
Hellas
Malta
Noreg
Polen
Portugal
Romania
Serbia
Spania
Sveits
Storbritannia
Kart
JESC 2012 Map.svg
██ Deltakarland██ Tidlegare deltakarland██ Aldri delteke
Vinnar
Land Ukraina
Song «Nebo»
Artist Anastasija Petrik
Junior Eurovision Song Contest
Jerevan 2011 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Kiev 2013

Junior Eurovision Song Contest 2012 (JESC 2012) var den tiande gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Heineken Music Hall i Amsterdam i Nederland.[1][2][3] Finalen fann stad laurdag 1. desember. Det var andre gong Nederland arrangerte tevlinga, etter at Rotterdam var vertsby i 2007. Mottoet til tevlinga var «Break The Ice».[4] Ukraina vann tevlinga med songen «Nebo», framført på ukrainsk og engelsk av Anastasija Petrik.

Tevlinga vart leia av Ewout Genemans og Kim-Lian van der Meij. Van der Meij leia òg tevlinga i 2007, då saman med Sipke Jan Bousema. Finalen vart opna med melodien til «Break The Ice» og ei jente som framførte den svenske vinnarsongen frå Eurovision Song Contest 2012, «Euphoria». Som pausenummer framførte den nederlandske vinnaren av Junior Eurovision Song Contest 2009, Ralf Mackenbach, songen han vann med, «Click Clack», og «This Is Our Party».[5] Van der Meij framførte «Break The Ice», som vart spesialskriven for tevlinga. Tolv land deltok i tevlinga, noko som vart det lågaste talet deltakarland i historia. Det svarte til talet deltakarland som deltok i Eurovision Song Contest 1970 i Jerusalem i Israel. Israel, Albania og Aserbajdsjan debuterte i Junior Eurovision Song Contest, medan ni tidlegare deltakarland meldte seg på.[6] Fire land trekte seg: Litauen, Bulgaria, Latvia og Makedonia. Tevlinga vart vunne av Anastasija Petrik for Ukraina med songen «Nebo». Dette var den fyrste sigeren til Ukraina i Junior Eurovision Song Contest og den andre sigeren i Eurovision-samanheng sidan Ruslana vann Eurovision Song Contest 2004 i Istanbul i Tyrkia.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Kviterussland Egor Zheshko «A more-more» Russisk 09 056
02 Sverige Lova Sönnerbo «Mitt mod» Svensk 06 070
03 Aserbajdsjan Omar Sultanov og Suada Alekberova «Girls and Boys (Dünya Sənindir)» Aserbajdsjansk og engelsk 11 049
04 Belgia Fabian «Abracadabra» Nederlandsk 05 072
05 Russland Lerika «Sensatsija» Russisk og engelsk 04 088
06 Israel Kids.il «Let the Music Win» Hebraisk, engelsk, fransk og russisk 08 068
07 Albania Igzidora Gjeta «Kam një këngë vetëm për ju» Albansk 12 035
08 Armenia Compass Band «Sweetie Baby» Armensk og engelsk 03 098
09 Ukraina Anastasija Petrik «Nebo» Ukrainsk og engelsk 01 138
10 Georgia Funkids «Funky Lemonade» Georgisk 02 103
11 Moldova Denis Midone «Toate vor fi» Rumensk og engelsk 10 052
12 Nederland Femke Meines «Tik Tak Tik» Nederlandsk 07 069

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet hostcity1
  2. «Junior Eurovision: Tickets on sale». ESCdaily.com (på engelsk). 10. september 2012. Henta 2. desember 2012. 
  3. Siim, Jarmo (11. oktober 2011). «Netherlands to host Junior 2012». European Broadcasting Union (på engelsk). Henta 2. desember 2012. 
  4. Andy (6. september 2012). «ESCKaz.com provides the most comprehensive coverage of "Junior Eurovision 2012" – Delivering News First». ESCkaz (på engelsk). Henta 2. desember 2012. 
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet hosts
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Participants