Kviterussland i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kviterussland
EuroBielorrusia.svg
Offisielt Kviterussland

Belaruskaja Tele-Radio Campanija
Uttakingar
Nasjonalt 17
Internt 0
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 17
Beste resultat
Finalen 1 (2005 og 2007)
Verste resultat
Finalen 14 (2004)
Poeng
Totalt 1 717

Kviterussland debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Tantsui», framført på kviterussisk av Volha Satsuik. Kviterussland er, saman med Nederland, dei einaste landa som har delteke i alle tevlingane i Junior Eurovision Song Contest. Bidraga vart valde gjennom ei nasjonal finale, arrangert av den kviterussiske kringkastaren Belaruskaja Tele-Radio Campanija.

Kviterussland har, i likskap med Malta, vunne Junior Eurovision Song Contest to gongar. Fyrste gongen dei vann var i 2005, med songen «My Vmeste», framført på russisk av Ksenija Sitnik. To år seinare, i 2007, vann dei med songen «S Druzjami», framført på russisk av Aleksej Zjigalkovitsj.

Kviterussland har arrangert tevlinga to gongar, begge gongane i Minsk Arena i Minsk. Fyrste gongen var i 2010 og andre gongen var i 2018. Helena Meraai, som deltok i tevlinga i 2017, var ei av tre programleiarar i 2018. 20 land deltok i tevlinga, det høgste antall deltakande land i tevlingas historie.

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Poeng Plass
2003 Volha Satsuik «Tantsui» Kviterussisk 103 4
2004 Jahor Voltsjak «Spjavajtse Sa Mnojo» Kviterussisk 009 14
2005 Ksenija Sitnik «My Vmeste» Russisk 149 1
2006 Andrey Kunets «Novyj Den» Russisk 129 2
2007 Aleksej Zjigalkovitsj «S Druzjami» Russisk 137 1
2008 Dasha, Alina & Karyna «Serdtse Belarusi» Russisk 086 6
2009 Juryj Demidovitsj «Volsjebnyj krolik» Russisk 048 9
2010 Daniil Kazlow «Muzyki Svet» Russisk 085 5
2011 Lidija Zablotskaja «Angely Dobra» Russisk 099 3
2012 Jahor Zjesjko «A More-More» Russisk 056 9
2013 Ilja Volkov «Poj So Mnoj» Russisk 108 3
2014 Nadezjda Misjakova «Sokal» Kviterussisk 071 7
2015 Ruslan Aslanov «Volsjebstvo» Russisk og engelsk 105 4
2016 Aleksandr Minjonok «Muzyka moikh pobed» Russisk 177 7
2017 Helena Meraai «Ja Samaja» Russisk 149 5
2018 Daniel Jastremskij «Time» Russisk og engelsk 114 11
2019 Jelizaveta Misnikova «Pepelnyj» Russisk og engelsk 092 11

Røystgjeving[endre | endre wikiteksten]

Kviterussland har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Russland 143
2 Armenia 105
3 Ukraina 96
4 Georgia 83
5 Malta 75

Kviterussland har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Russland 138
2 Malta 102
2 Armenia 93
4 Ukraina 89
5 Nederland 76

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Vertskap[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiarar
2010 Minsk Minsk-Arena Leila Ismailava og Denis Kourian
2018 Minsk Minsk-Arena Jevgenij Parlin, Zinaida Kuprijanovitsj og Helena Meraai

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]