Manfred Wörner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manfred Wörner
Manfred Woerner 1993.jpg
Fødd24. september 1934
Stuttgart
Død13. august 1994 (59 år)
Statsborgar avTyskland
PartiChristlich Demokratische Union
Yrkepolitikar, jurist, diplomat
InstitusjonarBaden-Württemberg
Baden-Württembergs landdag
Göppingen
Utdanna vedUniversitetet i Heidelberg
Universitetet i Paris
Ludwig-Maximilians-Universität München
Johannes-Kepler-Gymnasium
MedlemJunge Union
Europarådets parlamentarikerforsamling
VervGeneralsekretær i NATO 1988-1994]]
FøregangarPeter Carington
EtterfylgjarSergio Balanzino

Dr. jur. Manfred Wörner (fødd 24. september 1934 i Stuttgart, død 13. august 1994 i Brussel) var ein tysk konservativ politikar (CDU) og diplomat. Han var forsvarsminister i Tyskland frå 1982 til 1988, og generalsekretær i NATO frå 1988 til han døydde i 1994. Slutten på den kalde krigen fann stad innanfor embetsperioden hans. Han fekk kreftdiagnose under tida si som generalsekretær, men han valde å bli verande i posten til få dagar før han døydde av sjukdomen. Mange syntest dei fekk eit glimt av mennesket bak generalsekretærrollen då han gretande kommenterte bortgangen den norske utanriksministeren Johan Jørgen Holst i januar 1994 - berre nokre månader før han sjølv gjekk bort.

Wörner var barneborn av Luftwaffe-generalen Hermann Aldinger, sjef for 1. tunge luftvernbatteri i Legion Condor under den spanske borgarkrigen. Han voks opp i huset til bestefaren i Stuttgart-Bad Cannstatt og gjekk på Johannes-Kepler-gymnasiet der. Etter at han tok sin Abitur i 1953 studerte han jus i Heidelberg, Paris og München. Han tok sin første juridiske statseksamen i 1957 og den andre i 1961, og vart same år dr. jur. med eit arbeid innan internasjonal rett. Han gjorde deretter karrière som embetsmann, og var dessutan jagarpilot og reserveoffiser i Luftwaffe. Han vart innvald i det tyske parlamentet i 1965, og var viseformann for den konservative fraksjonen og dessutan formann for forsvarskomitéen. I 1982 vart han utnemnd til forsvarsminister i regjeringa til Helmut Kohl. Han gjekk av som forsvarsminister den 18. mai 1988 og vart generalsekretær i NATO den 1. juli same år.

Sidan 1996 har det tyske forsvarsministeriet utdelt ein Manfred Wörner-medalje til offentlege personar som har gjort ein særleg innsats for fred og fridom i Europa. Mottakarar av medaljen inkluderer Richard Holbrooke, Ewald von Kleist, Javier Solana, Christian Schwarz-Schilling, Martti Ahtisaari og Klaus Naumann.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]