Adam Larsen Kwarasey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adam Larsen Kwarasey
Personleg informasjon
Fødd 12. desember 1987 (36 år)
Fødestad Oslo
Høgd 191 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Noreg Vålerenga
Ungdomsklubbar
Noreg Trosterud
Noreg Vålerenga
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007-2014
2015-2016
2016-
Noreg Strømsgodset
USA Portland Timbers
Noreg Rosenborg
154 (0)
40 (0)
4 (0)
Landslag
2008
2011-
Noreg Noreg U21
Ghana Ghana
1 (0)
34 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. august 2016
‡ Landslagsmål oppdatert 11. august 2016

Adambathia Larsen Kwarasey (fødd 12. desember 1987) er ein norsk og ghanesisk fotballspelar som spelar på det ghanesiske landslaget. Han spelar for Vålerenga (2020).[1][2]

I 2008 spela han for det norske U21-landslaget.

I 2016 var han målvakt for Rosenborg i den norske Tippeligaen. Han har tidlegare spelt for Vålerenga. Larsen Kwarasey debuterte for Strømsgodset mot Lyn 6. mai 2007 fordi dåverande førstemålvakt Espen Johnsen var skada. Kampen enda 1-1. Larsen Kwarasey var reserve dei første tre sesongane sine i Strømsgodset, men erobra fast plass i 2010-sesongen, ein sesong då han var med på å bli noregsmeister for klubben. I 2012 fungerte han som kaptein for Godset då Alexander Aas sleit med skadar så og seie heile sesongen, og då Aas om hausten kunngjorde at han måtte leggja opp som spelar, blei Adam kaptein permanent. I 2013 var det dermed Adam som fekk æra av å lyfta pokalen då klubben sikra seriemeisterskapen.[3]

12. juni 2008 debuterte Larsen Kwarasey på Noreg sitt U21-landslag då han kom inn som innbyttar i 4-1 sigeren over Island. I september 2010 fekk han ghanesisk pass for å kunne bli landslagsspelar for heimlandet til faren sin.[4] 9. august 2011 var han første gong i stallen for Ghana i ein kamp mot mot Nigeria.[5]

Larsen Kwarasey debuterte for det ghanesiske landslaget 2. september 2011 i ein kvalifiseringskamp til afrikameisterskapen mot Swaziland.[6] Han blei tatt ut i Ghana sin 23-mannstropp til afrikameisterskapen og vakta målet i alle Ghana sine kamper.[7] Han var også i Ghana sin tropp til afrikameisterskapen i 2013. I 2014 vart han teken ut i Ghana sin tropp til fotball-VM i Brasil, der han fekk spela éin kamp, den første gruppekampen.

Han har norsk og ghanesisk pass.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jacobsen, Kristin Estil (19 January 2012). «Mener Kwarasey er mer attraktiv med EU-pass». vg.no (på norsk). Verdens Gang. Arkivert frå originalen 13 January 2014. Henta 19 May 2012. 
  2. . Vitja 1. juni 2020
  3. «Deila gråt på vei til gullkampen». NRK. 10. november 2013. Henta 11. november 2013. 
  4. «Godset-keeperen fikk ghanesisk pass». Dagbladet. 1. oktober 2010. Henta 26. november 2012. 
  5. «Kwarasey steps into Stars camp» (på engelsk). kickoff.com. 8. august 2011. Arkivert frå originalen 25. august 2011. Henta 9. august 2011. 
  6. «Ghana/Swaziland: Gyan, Badu Inspire Black Stars to Home Win» (på engelsk). All Africa. 2. september 2011. 
  7. «Veteran keeper left out of Ghana's Nations Cup squad» (på engelsk). BBC Sport. 15. desember 2011. Henta 26. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]