Michael Essien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Essien
Essien Real Madrid.JPG
Personleg informasjon
Fødd 3. desember 1982
Fødestad Accra
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbane, forsvar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Chelsea
Nummer 5
Ungdomsklubbar
1999-2000 Ghana Liberty Professionals
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-03
2003-05
2005-
Frankrike Bastia
Frankrike Lyon
Flag of England.svg Chelsea
65 (11)
71 (7)
116 (14)
Landslag
2002- Ghana Ghana 51 (9)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 10. februar 2010

Michael Essien (fødd 3. desember 1982 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som har spela i forsvar for Chelsea i engelsk Premier League, og for det ghanesiske landslaget. Frå sommaren 2007 til sommaren 2009 var han den dyraste afrikanske fotballspelaren nokonsinne, etter overgangen frå Lyon i Frankrike til Chelsea for 26 millionar britiske pund. Essien har vunne den franske ligaen to gonger med Lyon (2004 og 2005) og engelsk Premier League to gonger med Chelsea (2006 og 2010). Han vart kåra til beste spelar i den franske ligaen i 2005 av det franske spelarforbundet, til årets afrikanske fotballspelar i 2006 av BBC og til årets Chelsea-spelar i 2007. Han var med i Ghana sin tropp til fotball-VM i 2006, men gjekk glipp av fotball-VM i 2010 grunna ein kneskade.