Andreas Stjernen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Stjernen
Stjernen Andreas IMG 9345.JPG
Fødd 30. juli 1988
Levanger
Yrke skihoppar
Andreas Stjernen på Commons

Andreas Stjernen (fødd 30. juli 1988) er ein norsk skihoppar som er medlem av Sprova Idrettslag. Han har i åra 2009-13 vunne ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i noregsmeisterskap. Hans beste plassering eit verdscuprenn er ein andreplass i skiflygingsbakken i Oberstdorf i 2013-sesongen.

Hroar Stjernen er far hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stjernen tok sølvmedaljen i NM normalbakke på Raufoss i 2009, 3,5 poeng bakom Roar Ljøkelsøy, men framom Anders Bardal. Stjernen debuterte i verdscupen med 19. plass på Lillehammer 5. desember 2009. Gjennom dei neste sesongane sleit han med å hevde seg i verdscuprenn, ein åttandeplass i Sapporo var hans beste plassering i verdscupen før 2013-sesongen.

Den 26. januar 2013 kom STjernen på fjerdeplass i skiflygingsrennet i Vikersund, etter eit hopp på 232,5 meter, ny personleg rekord. Han kopierte plasseringa i skiflygingsbakken i Harrachov, før han, den 16. februar 2013, vart nummer to i Oberstdorf, også det eit skiflygingsrenn. I ei rekordjamn tevling var han med 409,5 poeng 0,3 poeng bakom tyske Richard Freitag, og 0,5 poeng føre austerrikaren Gregor Schlierenzauer.

Stjernen deltok for Noreg i ski-VM 2013 både i normalbakken, storbakken og i lagtevlinga, der han høvesvis vart nummer 13, 18 og kom på fjerdeplass med det norske laget.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2009: Sølvmedalje i normalbakken på Raufoss
  • 2010: Bronsemedalje i normalbakken i Vikersund
  • 2011: Nr 4 i storbakken i Oslo
  • 2012: Nr 7 i normalbakken på Voss
  • 2013: Bronsemedalje i normalbakken på Rena

Kjelder[endre | endre wikiteksten]