Hroar Stjernen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hroar Stjernen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. februar 1961 (63 år)
Steinkjer kommune
Idrett skihopping

Hroar Stjernen (fødd 11. februar 1961) er ein tidlegare skihoppar som representerte Sprova og Trønderhopp. Han vann hopprennet i Bischofshofen i 1985, hans einaste siger i verdcupen. Stjernen var frå 2011 til 2013 dagleg leiar i Rosenborg Ballklubb.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Stjernen slo gjennom under den tysk-austerrikske hoppveka 1984/85. Han overraska under nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen med å verte nr 4 og beste nordmann. I avslutningsrennet i Bischofshofen hoppa han til siger, 2,5 poeng føre Klaus Ostwald frå DDR. Samanlagd i hoppveka vart han nummer 9, på plassen bak beste norske hoppar, Rolf Åge Berg. Året etter vart Stjernen nr 4 i hoppveka, hans beste plassering samanlagd. Sigeren i Bischofshofen vart Stjernens einaste i store renn. Elles i verdscupen oppnådde han til saman fire andreplassar i sesongane 1986 og 1987.

I dei store meisterskapane vart Stjernen nummer 10 i storbakken under verdsmeisterskapen 1985. Sitt beste VM hadde han i 1987 då han vart nummer 4 i normalbakken, og var med på laget som vann sølvmedaljane i laghoppinga. Ole Christian Eidhammer, Ole Gunnar Fidjestøl og Vegard Opaas var dei andre på det norske sølvlaget.

Stjernen sin medaljehaust frå noregsmeisterskapane omfatta to sølv og ein bronse. Desidert nærast ein NM-tittel var han på heimebane i Sprova i 1987. Med 224,2 poeng var han 0,1 poeng bak noregsmeisteren Jon Inge Kjørum.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Han la opp 1989.

Stjernen var landslagssjef for det norske hopplandslaget. Etter mange svake resultat måtte han gå frå jobben i januar 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]