Anders Bardal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Bardal
Anders Bardal 2 - WC Zakopane - 27-01-2008.JPG
Fødd 24. august 1982 (38 år)
Levanger
Yrke skihoppar
Anders Bardal på Commons

Anders Bardal (fødd 24. august 1982) er ein norsk skihoppar som representerer Steinkjer Skiklubb. Han vann verdscupen i skihopping 2012, der han gjennom sesongen gjekk til topps i tre enkeltrenn. Hans fyrste siger i verdscupen kom i januar 2008. Bardal ha vunne seks noregsmeisterskap; han tok dobbelt NM-gull i 2002, noregsmeister på ny vart han i normalbakken i 2008, i storbakken 2009, i normalbakken 2011 og storbakken 2012. Han har elles vunne fem sølvmedaljar i laghopp under ulike ski-VM og skiflygings-VM, dessutan to bronsemedaljar i same øvinga under skiflygings-VM og vinter-OL, alle sju medaljane i tida 2008-11.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bardal debuterte i verdscupen i Willingen i februar 2001, og deltok i OL i Salt Lake City i vinter-OL 2002. Etter han vann begge NM-tevlingane i 2002 kom fleire sesongar der han fekk få sjansar i verdscupen. Han deltok i staden i Kontinentalcupen, der han noterte seg for 13 enkeltsigrar og som han i 2006 vann samanlagt.

Fyrst i 2007-sesongen byrja Bardal å gjere seg gjeldande i verdscupen. Han vart då nummer 16 samanlagt. Sesongen etter slo han seg inn i verdseliten, mellom anna med sin fyrste verdscupsiger i Zakopane i januar 2008. I verdscupen samanlagt vart han nummer fem. Dei neste to sesongane hamna han lengre nede på resultatlistene i internasjonale renn, særleg mislukkast han i OL-sesongen 2010. Gjennom VM-sesongen 2011 var han eit sikkert kort mellom Noregs beste skihopparar, og var med på begge dei norske laga som vann sølvmedaljar i lagtevlingane.

Gjennom det meste av 2012-sesongen hoppa Bardal stabilt godt og prega toppen av resultatlistene i verdscupen, med eit lite unnatak for slutten av sesongen. Sidan ingen annan skihoppar hoppa jamt godt gjennom heile sesongen, sigra han i verdscupen 2012 med 1 325 poeng mot toaren Gregor Schlierenzauer sine 1 267 poeng.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: Nr 15 i VM i skiflyging i Harrachov
  • 2007: Nr 16 i normalbakken i ski-VM i Sapporo og sølvmedalje i laghopping same staden
  • 2008: Nr 18 i VM i skiflyging i Oberstdorf og bronsemedalje i laghopping same staden
  • 2009: Nr 5 i storbakken i ski-VM i Liberec og sølvmedalje i laghopping same staden
  • 2010: Nr 18 i normalbakken under vinter-OL i Vancouver. Sølv i VM i skyflyging for lag i Planica og bronse i OL for lag i Vancouver
  • 2011: Nr 7 og 9 i storbakken og normalbakken i ski-VM i Oslo. Med på begge sølvlaga.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Nr 13 i Trondheim
  • 2001/02: Nr 13 i Engelberg
  • 2003: Nr 8 i Bad Mitterndorf
  • 2004: Nr 4 i Titisee
  • 2005: Nr 19 to gongar
  • 2006: Nr 6 i Sapporo
  • 2007: Nr 3 i Oslo
  • 2008: Siger i Zakopane, to andreplassar (Bischofshofen & Kuopio) og to tredjeplassar
  • 2009: To fjerdeplassar, i Trondheim og i Planica (skiflyging)
  • 2010: Nr 11 i Oslo
  • 2011: Nr 4 i Lahti
  • 2012: Vinnar av tre renn i verdscupen; Engelberg, Bad Mitterndorf, Willingen, og av verdscupen samanlagt

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Nr 4 i storbakken i Trondheim
  • 2002: Gullmedalje både i normalbakken i Høydalsmo og i storbakken på Odnes
  • 2003: Nr 5 i normalbakken på Lillehammer
  • 2004: Bronsemedalje i normalbakken på Bardufoss
  • 2006: Nr 6 i storbakken i Oslo
  • 2007: Bronsemedalje i normalbakken i Molde
  • 2008: Gullmedalje i normalbakken og bronsemedalje i storbakken, begge renna i Trondheim
  • 2009: Gullmedalje i storbakken på Lillehammer, bronsemedalje i normalbakken på Raufoss
  • 2010: Sølvmedalje i normalbakken i Vikersund
  • 2011: Gullmedalje i normalbakken i Sprova, bronsemedalje i storbakken i Oslo
  • 2012: Gullmedalje i storbakken i Trondheim