Antonín Panenka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antonín Panenka
Antonin-panenka.jpg
Fødd 2. desember 1948
Praha
Antonín Panenka på Commons

Antonín Panenka (fødd 2. desember 1948) er ein tsjekkisk tidlegare fotballspelar frå Praha som vann EM-gull i 1976 og EM-bronse i 1980 med Tsjekkoslovakia. Den offensive midtbanespelaren spelte 59 landskampar og skåra 17 mål i tida 1973-82. Han er særleg kjend for den såkalla panenka-straffa, som avgjorde EM-finalen til Tsjekkoslovakia sin fordel.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Panenka spelte på Bohemians Praha frå 1967 til 1981. Her markerte han seg som ein drivande midtbanespelar, framifrå pasningsleggjar og frisparkskyttar, utan at laget vann noko stor turnering. Sommaren 1981 gjekk han til austerrikske Rapid Wien, der han gjennom fire sesongar sikra seg to seriegull og tre nasjonale cuptitlar. Han var innbytar då Rapid spelte finale i Cupvinnarcupen 1985 mot engelske Everton FC, ein kamp laget hans tapte 1-3. Seinare same året flytta han over til St. Pölten og spelte toppfotball i nye to sesongar. Sidan var han aktiv på lågare nivå i austerriksk fotball, med høvesvis Slovan Wien, ASV Hohenau og Kleinwiesendorf.

I finalen mot Vest-Tykland under EM i fotball 1976 sette Panenka inn det avgjerande målet i straffeskytinga. Han kippa då ballen inn midt i målet, medan den tyske målvakta Sepp Maier kasta seg mot venstre stolpe. Denne typen straffespark er sidan kalla panenka-straffe. Fire år seinare vann han ein bronsemedalje då Italia vart slått i kampen om tredjeplassen ved fotball-EM 1980, også då etter straffeskyting.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia
  • EM-bronse: 1980 med Tsjekkoslovakia
  • Austerriksk seriemeister: 1982 og 1983 med Rapid Wien
  • Austerriksk cupmeister: 1983, 1984 og 1985 med Rapid Wien

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • All star team Fotball-EM 1976
  • Årets fotballspelar i Tsjekkoslovakia 1980

Kjelder[endre | endre wikiteksten]