Koloman Gögh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koloman Gögh
Alias ungarsk Gőgh Kálmán
Fødd 7. januar 1948
Kladno
Død

11. november 1995
Gattendorf

Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Koloman Gögh på Commons

Koloman Gögh (7. januar 194811. november 1995) var ein slovakisk fotballspelar som vann EM-gull med Tsjekkoslovakia i 1976. Midtstopparen var med å vinne seks nasjonale pokalar, både tsjekkoslovakiske og slovakiske, med Slovan Bratislava.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gögh var fødd i Kladno i dagens Tsjekkia, men byrja spele fotball i Kolárovo i dagens Slovakia, ein by med over 80% etniske ungararar. Under militærtenesta som fallskjermhoppar var han aktiv i Dukla Holešov. Deretter spelte han i ti år, 1970 til -80, på topplaget Slovan Bratislava. Her var han i 1974 med på storeslem; siger i den tsjekkoslovakiske serien, den slovakiske cupen og i cupfinalen mot den tsjekkiske cupvinnaren. I tillegg vart laget seriemeistrar i 1975 og triumferte i den slovakiske cupen i 1972 og -1976. Sidan 1980 var han aktiv i austerrikske VÖEST Linz i to sesongar, og like lenge i slovakiske Dunajská Streda til han la opp i 1984.

Gögh spelte 55 landskampar for Tsjekkoslovakia i tida 1974-80. Han var med på laget som sigra over Vest-Tyskland etter straffeskyting, og dermed vann fotball-EM 1976. Fire år seinare var han med då Tsjekkoslovakia kneip bronsen i EM i fotball 1980, i det som vart hans siste i landslagsdrakt. Han skåra eitt einaste landslagsmål.

Seinhaustes 1995 omkom Gögh i ei bilulukke ved Gattendorf i Austerrike, 47 år gammal.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia
  • EM-bronse: 1980 med Tsjekkoslovakia
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1974 og 1975 med Slovan Bratislava
  • Slovakisk cupmeister: 1972, 1974 og 1976 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk cupvinnar: 1974 med Slovan Bratislava

Kjelder[endre | endre wikiteksten]