Karol Dobiaš

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karol Dobiaš
Karol Dobiáš 2011.jpg
Fødd 18. desember 1947
Handlová
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Karol Dobiaš (fødd 18. desember 1947) er ein slovakisk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Handlová, som vart europameister 1976 med Tsjekkoslovakia. Han var ein allsidig spelar som oftast spelte i forsvaret eller på midtbana.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dobiaš byrja spele på det lokale laget Baník Handlová. I 1965 flytta han over til Spartak Trnava, der han hadde stor suksess. Med Spartak vann han fem seriemeisterskap og vart cupvinnar tre gongar, over ein periode på tolv år. Både i 1970 og 1971 vart han kåra til årets spelar i Tsjekkoslovakia. Frå 1977 til -80 spelte han på Bohemians Praha. Sommaren 1980 vart han overført til belgiske KSC Lokeren, der han var aktiv til 1983.

Dobiaš fekk ein kortvarig debut på landslaget i 1967. Under fotball-VM 1970 i Mexico spelte han alle tre kampane då Tsjekkoslovakia rauk ut or meisterskapen med strake tap. I åra framover var han fast på landslaget. Under EM i fotball 1976 gav han Tsjekkoslovakia leiinga 2-0 då Vest-Tyskland vart slått etter straffeskyting i finalen i Beograd. I mars 1980 opptrådde han i landslagsdrakt for 67. og siste gong. Han skåra seks landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1968, 1969, 1970, 1971 og 1973 med Spartak Trnava
  • Tsjekkoslovakisk cupvinnar: 1967, 1971 og 1975 med Spartak Trnava

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Årets fotballspelar i Tsjekkoslovakia: 1970 og 1971

Kjelder[endre | endre wikiteksten]