Anton Ondruš

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anton Ondruš
Fødd 27. mars 1950
Solčany

Anton Ondruš (fødd 27. mars 1950) er ein slovakisk tidlegare fotballspelar frå Solčany, som vart europameister 1976 med Tsjekkoslovakia og tok bronse i EM 1980. Han spelte 58 landskampar i tida 1974-80.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ondruš fekk fast plass i fyrsteellevaren til Slovan Bratislava i 1972. I åra 1974-76 var han med å vinne fem nasjonale meistertitlar med laget; to seriegull og tre cuppokalar. Sidan var han kaptein på laget frå Bratislava, der han deltok i 210 kampar og skåra 38 mål. I 1981 tok Ondruš turen til Club Brugge i Belgia. Etter å ha mislukkast i Brugge var han i åra frå 1983 til -87 aktiv på det franske laget CS Thonon-les-Bains, og til sist på FC Biel-Bienne i Sveits.

Ondruš spelte 58 kampar på Tsjekkoslovakia sitt landslag og skåra ni mål. I 1976 var han var kaptein på laget som vann fotball-EM. Hans framifrå prestasjonar mot Nederland i semifinalen, der han skåra, førte Tsjekkoslovakia til finalespel mot Vest-Tyskland og EM-tittel etter straffeskyting. Bronsekampen mot Italia under fotball-EM 1980 vart hans siste. Etter 58 landskampar og seks mål var tida med landslagsspel over.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia
  • EM-bronse: 1980 med Tsjekkoslovakia
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1974 og 1975 med Slovan Bratislava
  • Slovakisk cupmeister: 1974 og 1976 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk cupvinnar: 1974 med Slovan Bratislava

Kjelder[endre | endre wikiteksten]